For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Dekanar tilsett for ny åremålsperiode

I samsvar med ou-prosessen tilsette HSF-styret i møtet den 29. februar dekanar for dei fire framtidige avdelingane.

Frå og med 1. august 2011 har høgskulen desse avdelingane og for dei neste fire åra desse dekanane:

  • Avdeling for helsefag: Eva Marie Halvorsen
  • Avdeling for ingeniør- og naturfag: Erik Kykjebø
  • Avdeling for lærarutdanning og idrett: Rasmus Stokke
  • Avdeling for samfunnsfag (slått saman av dagens AØR og ASF): Gunnar Yttri

Erik Kyrkjebø kjem inn som ny i HSF. Han kjem frå ei stilling som forskingsleiar/seniorforskar i SINTEF, har doktorgrad innan teknisk kybernetikk, men starta utdanninga si ved ingeniørutdanninga i Førde. Kyrkjebø er oppvaksen i Sunnfjord og ønskjer no å flytte tilbake til Sogn og Fjordane.


Sist endra: 10. mars 2011 11:20:03