Stipendiat Inger Auestad, Seksjon for landskapsøkologi, disputerer måndag 23. mars. Dette skjer ved Universitetet i Oslo, Naturhistorisk museum.
Årets første HSF-disputas skjer kommande måndag når Inger Auestad forsvarar si avhandling for graden ph.d. (philosophiae doctor).
Tema for doktorgradsarbeidet er planteliv og økologiske forhold mellom vegkantar og naturbeitemarker i Lærdal kommune. I det moderne landskapet blir tradisjonelle kulturmarker, som artsrike slåtte- og beitemarker, stadig sjeldnare. Dermed forsvinn viktige levestader for ville blomstrar som blåklokke, gulmaure og gjeldkarve. Samtidig aukar arealet av vegkantar i takt med auka vegutbygging. Vegkantar er lysåpne, dei vert klipte årleg og vert ikkje tilførte gjødsel. Dermed kan dei likne tradisjonelle kulturmarker.
I si doktoravhandling viser Inger Auestad at sjølv om beitemarker gir betre vilkår for ville kulturmarksplantar, kan lysåpne vegkantar vere verdfulle reserve-voksestader. Statens vegvesen og kommunane kan slik sett ta vare på plantemangfaldet i Noreg gjennom årleg klipping. Les meir om dette her.
Nettavisa forskning.no har i dag (16.3) eit intervju med Inger. Her vert det sagt at betre stell av plantelivet langs norske vegar kan gje tre gevinstar på éin gong: bevaring av artsmangfaldet, penare vegkantar og større trafikksikkerheit.
Auestad seier i intervjuet at det trengst meir forsking på området for å finne ut kor gyldige funna hennar er. Fagmiljøet i landskapsøkologi har utarbeidd ein søknad til NFR-programmet Strategiske høgskuleprosjekt for m.a. å arbeide vidare med dette. Fagmiljøet arbeider også med vegkantproblematikk i eit prosjekt som Direktoratet for naturforvaltning finansierer.
Inger Auestad (39) er utdanna cand.scient med hovudfag i botanikk. Ho har vore tilsett ved HSF som prosjektmedarbeidar, forskingsassistent og stipendiat sidan 1995. Rettleiarar for doktorgradsarbeidet har vore professorane Rune Halvorsen (UiO); Knut Rydgren (HSF) og Ingvild Austad (HSF).
Sist endra: 16. mars 2009 19:28:13