Erasmus
Gjennom utvekslingsprogrammet Erasmus kan du ha studie- eller praksisopphald i eit EU-land. Du får i gjennomsnitt eit stipend på 2 500,- per månad.
Nordplus
Nordplus tilbyr stipend til studentar som ynskjer eit studieopphald ved eit nordisk universitet eller ein nordisk høgskule. Du får i gjennomsnitt eit stipend på 1 600,- per månad, i tillegg til reisestøtte.
Lånekassen
Du kan søkje om støtte til utdanning i utlandet gjennom Lånekassen. Du må betale semesteravgift til HiSF for å kunne få lån og stipend frå Lånekassen til delstudium i utlandet.
Legathåndboken og Legatsiden gir informasjon om stipend og legat som du kan søkje på i samband med studieopphald i utlandet.
Sist endra: 13. september 2011 11:04:18