For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Sei ifrå

portrettbilde av student

Kvalitetsarbeid er ein kontinuerleg prosess som involverer alle tilsette og studentar.

For å kunne forbetre oss er vi avhengig av at du seier di meining om korleis du opplever kvaliteten på ditt studium og din studiekvardag, dei administrative tenestene og servicen ved HiSF.

Sei ifrå er eit meldesystem der studentar og tilsette kan seie ifrå om ting som er bra eller ting som bør endrast, uønska hendingar, brot på rutinar m.m.

Slik går du fram

Fyll ut skjemaet under så nøyaktig som mogleg, og kom gjerne med framlegg til korleis problemet kan løysast. Hugs å registrere namn og e-postadresse. Anonyme meldingar blir ikkje behandla.

Kva skjer med meldinga di?

Når meldinga er sendt, blir ho registrert og vidaresendt til ansvarleg leiar. Du får ei stadfesting på at meldinga er motteke. Ansvarleg leiar skal melde tilbake til deg om korleis saka vert følgt opp innan 3 veker.

NB! Sei ifrå–meldingar skal ikkje erstatte den direkte kontakten mellom student og personale. Har du spørsmål eller klager, er det viktig at du tek dette opp med den ansvarlege så snart som mogleg eller nyttar etablerte fora som studienemnd eller fagutval.

Sei ifrå








Sist endra: 15. mars 2012 10:51:11