For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Fagutval og studienemnd

Det er viktig at du som student deltek i arbeidet med studiekvalitet på eiga utdanning.

På avdelingane er dette arbeidet organisert litt ulikt, men på dei fleste avdelingane er det fagutval eller studienemnder der studentane er representerte.

Studienemnd

På alle bachelor- og masterstudium skal det vere ei studienemnd som er eit rådgivande organ for dekan og instituttleiar i faglege saker som vedrører studiet. For andre studium fastset dekan kva studienemnder studia skal ha.

Studienemnda skal sjå til at studiet har tilfredsstillande studiekvalitet.

Studienemnda har sju medlemer:

  • Tre fagtilsette oppnemnd av dekan
  • To studentar valde av studentorgan på avdelinga
  • To eksterne medlemer oppnemnd av dekan

Fagutval

Avdelingane avgjer sjølv om det skal opprettast fagutval til støtte for arbeid med studiekvalitet på eit studium eller ei utdanning. Fagutval skal normalt vere samansett av minst to studentar og dei faglærarane som underviser på emnet/faget/årstrinnet i studiet.

Fagutvalet skal vere eit forum for tilbakemelding og evaluering undervegs i studiet, og har samtidig som mål at studentar og faglærarar skal utvikle ei fagkritisk haldning.


Sist endra: 15. mars 2012 10:42:00