For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Emneevaluering

portrett av student

Kva meiner du om undervisninga? Dersom vi skal bli betre treng vi dine synspunkt!

Når du har følgt undervisninga i eit emne, er det viktig at du deltek i evalueringa slik at vi får vite kva du meiner om:

  • fagleg og pedagogisk kvalitet
  • oppbygging og progresjon i studiet
  • studentmedverknad
  • informasjon og administrativ tilrettelegging
  • eventuelt andre ting du ønskjer å kommentere

Evalueringsskjemaet inneheld både spørsmål og kommentarfelt, og du svarer anonymt.

Kven har ansvar?

Instituttleiar har det overordna ansvaret for emneevalueringane på eige studium.

Faglærar har ansvar for å gjennomføre emneevalueringane, og for å summere opp kvar emneevaluering og vurdere resultata. Resultat frå evalueringa skal formidlast tilbake til studentane og til instituttleiar.

Oppfølging

Oppfølging av evalueringa skjer gjennom utvikling av emne- og studieplanar. Dersom det blir avdekka sviktande kvalitet har instituttleiar ansvar for å følgje opp saka, eventuelt i samråd med dekan.


Sist endra: 08. august 2011 14:00:53