Har du ei funksjonsnedsetting, sjukdom, skade eller anna som gjer at du treng tilrettelegging?
Målsettinga til HiSF er å tilretteleggje studietilbod og studiesituasjon på ein slik måte at flest mogleg kan gjere seg nytte av studietilboda ved høgskulen.
Vi har ikkje fullgode tilbod i forhold til alle typar funksjonshemmingar, men vi har fokus på problemstillingane, og er innstilte på å strekke oss for å leggje forholda til rette.
Tilrettelegging av studiesituasjonen kan omfatte både fysiske forhold og pedagogiske tiltak. Du bør orientere deg om ulike sider av studiekvardagen og tenke gjennom kva behov du trur vil oppstå.
Sissel Kvåle Ulla i utdanningsseksjonen er høgskulen sin sentrale kontaktperson for studentar som treng tilrettelegging i studiet.
Avdelingsvise kontaktpersonar
Sist endra: 04. august 2011 12:15:06