Du blir automatisk oppmeldt til alle ordinære eksamenar.
Eksamensdato, romplassering, kandidatnummer og karakterar finn du i StudentWeb. Eksamensdatoar ligg også under eksamensplanar til høgre på denne sida.
Frist for oppmelding til utsett eksamen, forbetrings- eller konteeksamen er 15. september for haustsemesteret og 15. februar for vårsemesteret. Oppmelding til eksamen utanom dei faste eksamensperiodane er ein månad før eksamensdato.
|
Skjema for oppmelding til ny og utsett eksamen:* |
*Skjemaet er i pdf-format, og kan lastast ned med Acrobat Reader. Dersom du ikkje har dette programmet, kan du laste det ned gratis.
På desse sidene finn du framsidemalar, informasjon knytta til innlevering av eksamen, oppgåver og prosjekt, gode råd ved oppgåveskriving med meir.
Har du ei funksjonsnedsetting, sjukdom, skade eller anna som gjer at du treng tilrettelegging under eksamen eller i studiesituasjonen elles?
Meiner du at du har fått feil sensur på eksamen, har du rett til å få ei grunngjeving for vurderinga og høve til å klage på avgjerda. Sjå karaktersystemet vårt.
Har du spørsmål knytta til eksamen? Då kan du kontakte Sissel Kvåle Ulla eller Bjørn Leirdal (for studentar i Førde).
Sist endra: 22. mars 2012 11:57:04