For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Studiekvalitet

studentar

Kvalitetssystemet ved høgskulen skal sikre god kvalitet på undervisning og forsking. For å kunne forbetre oss, er det viktig for oss at du seier di meining om korleis du opplever kvaliteten på studiet ditt og studiekvardagen. Dette er det fleire kanalar for.

Sei ifrå

Sei ifrå er eit meldesystem der du kan seie ifrå om ting som er bra eller ting som bør endrast, uønska hendingar, brot på rutinar m.m.

Emneutval (fagutval)

Det skal opprettast emneutval (fagutval) eller klasseutval for undervegsevaluering av undervisninga. Utvalet skal vere eit forum for tilbakemelding og evaluering undervegs i studiet, og arbeidet skal summerast opp skriftleg.

Faglærar har ansvar for å formidle resultatet tilbake til sine studentar og til instituttleiar. Evalueringa skal brukast til å korrigere undervisninga i emnet.

Emneevaluering

Når undervisninga i eit emne er ferdig, skal faglærar be deg om å evaluere mellom anna fagleg og pedagogisk kvalitet og din eigen innsats. Du svarer anonymt i evalueringsskjemaet.

Som student skal du få kjennskap til resultatet frå evalueringa. Resultatet skal også gå til instituttleiar. Oppfølging av evalueringa skjer gjennom utvikling av emne- og studieplanar. Det er instituttleiar sitt ansvar å følgje opp eventuelle tilbakemeldingar om sviktande kvalitet.

Studienemnd

Alle bachelor- og masterutdanningar skal ha ei studienemnd. Studienemnda er eit rådgivande organ for instituttleiar, og skal bidra til å sikre kvalitet og utvikling i studia over tid, og på eit meir overordna nivå.

Studienemnda er sett saman av studentar og fagtilsette. Det skal i tillegg vere ekstern representasjon for å styrke utdanninga sin yrkesrelevans. Instituttleiar leier studienemnda.

Studentparlamentet

Studentparlamentet er eit organ styrt av studentane, der du kan vere med å påverke det som skjer ved høgskulen. Studentparlamentet oppnemner medlemmer til høgskulen sine faste råd og utval, og rekrutterer studenttillitsvalde i dei ulike klassane.

Utval

Læringsmiljøutvalet har som særleg ansvar å sjå til at høgskulen oppfyller krava til eit forsvarleg læringsmiljø. Utvalet er sett saman av studentar og tilsette.

Utdanningsutvalet har ansvar for å utvikle og forvalte høgskulen sitt kvalitetssystem. Utvalet skal sikre kvaliteten i utdanningane med særleg fokus på utvikling av studieplanane, utvikling av pedagogisk og ditital kompetanse, internasjonalisering av utdanningane og forskingsbasert undervisning.

Utvalet er sett saman av studentar, tilsette og ein ekstern medlem.



Sist endra: 26. juni 2014 14:24:06