Høgskulen i Sogn og Fjordane sitt institusjonelle arkiv for publikasjonar skrivne av tilsette og studentar. Målet er å gjere forskinga ved høgskulen meir synleg og tilgjengeleg for alle.
I HSF Brage finn du:
Opphavsrett og publisering i Brage
Den avtalen du som forfattar inngår med forlaget ditt, avgjer om du kan parallellpublisere i Brage. (Dette gjeld tidsskriftartiklar og evt. artikkelbaserte doktoravhandlingar. For dei andre typane publikasjonar har du som forfattar opphavsretten sjølv.) Dei fleste forlag tillet slik publisering, men på noko ulike vilkår. Du kan sjølv sjekke dette på "Sherpa-lista".
Vilkår
Publisering i Brage hindrar deg ikkje i å publisere arbeidet ditt andre stader. HSF får retten til å konvertere dokumentet - utan å påverke innhaldet - til andre format slik at dokumentet kan bli bevart. Når du leverer arbeidet ditt for publisering i Brage, går du samtidig god for at du har innhenta løyve frå eventuelle andre rettigheitshavarar til å publisere. Reglane i Åndsverkslova gjeld elles for bruken av dokument i Brage.
Praktisk framgangsmåte
1. Undersøk korleis forlaget ditt stiller seg til parallellpublisering
2. Er dei positive, sender du publikasjonen din - den versjonen som forlaget tillet - på epost til biblioteket. Vi legg publikasjonen din ut som pdf-fil, men hjelper deg gjerne med konvertering frå td. Word
3. I same epost skriv du at du ynskjer parallellpublisering i Brage.
4. Lurer du på noko? Trøbbel? Kontakt biblioteka, evt. Lise Vik-Haugen direkte på tlf. 57 67 6207.
Sist endra: 05. august 2011 08:33:47