For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Dei fire biblioteka

Biblioteket Fjøra
Dette er bibliotek for samfunnsfag, naturfag, økonomi og reiseliv. Biblioteket har litteratur som er aktuell for utdanningar innan vernepleie, sosialt arbeid, barnevernspedagogikk, historie, lokalhistorie, sosiologi, geologi, akvakultur, landskapsplanlegging, reiseliv, informasjonsbehandling, jus, økonomi og administrasjon.
Det er eigen lesesal knytta til biblioteket.
Det er trådlaust nettverk og stasjonære pc-arbeidsplassar tilgjengeleg.

Biblioteket Fosshaugane
Dette er bibliotek for avdeling for lærarutdanning og idrett, og dekkjer dei fagområda som er aktuelle for utdanninga på avdelinga: Drama, kunst og handverk, idrett, religion og livssyn, matematikk, musikk, norsk, pedagogikk, samfunnsfag, naturfag, engelsk, heimkunnskap.
Det er trådlaust nettverk og stasjonære pc-arbeidsplassar tilgjengeleg.

Biblioteket Førde
Dette er eit fellesbibliotek for ingeniørutdanning med fagområde elektronikk og data og avdeling for helsefag med fagområde sjukepleie, medisin m.m.
Lokala er opne og tilgjengeleg til ei kvar tid.
Det er trådlaust nettverk og stasjonære pc-arbeidsplassar tilgjengeleg.

Biblioteket Sandane
Fagområda som er aktuelle for avdelinga er spesialpedagogikk.



Sist endra: 14. april 2011 15:00:02