For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Tilgang heimanfrå

Biblioteket tilbyr deg som er tilsett eller student ved HSF, tilgang til ei rad databasar, oppslagsverk og tidsskrift. Når du arbeider utanfor vårt nettverk, er du avhengig av å kunne logge på desse tenestene.

Intranettet

Det enklaste er å logge på intranettet til HSF for å få tilgang. Denne pålogginga finn du øvst til høgre på biblioteket si heimeside, og same stad på sidene for tilsette og studentar.

NB! Ved pålogging heimanfrå er det viktig at du skriv www.hisf.no i url feltet. Det er ikkje godt nok å skrive kun hisf.no, www må altså og vera med.

Når du så er komen inn, klikkar du på lenka med namnet ditt oppe i høgre hjørne. Dette gjeld for basane:

  • Atekst
  • Ebsco
    • Academic Search Premier
    • Business Source Elite
    • Regional Business News
    • CINAHL with fulltext
    • HSF's løpande tidsskrift frå Ebsco
    • ERIC
    • MEDLINE
    • SPORTDiscus with fulltext
    • Library, Information Science & Technology Abstracts
    • Teacher Reference Center
  • Idunn
  • JSTOR
  • Ordnett

Helsefag

For helsefaglege databasar er det naudsynt å registrere seg (individuelt) i Helsebiblioteket før du får tilgang utanfor nettverket (det gjeld Amed, Embase og PsycINFO). Gå til Helsebiblioteket og logg inn øverst til høgre og registrer deg så. Hugs å fylle ut studiestad og studentnummer.

Samla oversikt over databasane

Informasjon og oversikt over kva databasar som er tilgjengelege for HSF ligg her. Me gjer merksam på at bruk av databasar og tidsskrift pga lisensavtalar kun kan nyttast i samband med studium eller arbeid ved HSF. Tidsskriftsartiklar skal ikkje vidaresendast til personar som ikkje er tilknytta HSF.

Nokre av basane krev brukarnamn og passord når du er utanfor nettverket. Du finn informasjon om dette i Fronter - eller du kan kontakte biblioteket.

Dine lån i Bibsys

For dei fleste vil det vera aktuelt å kunne logge seg på i Bibsys for å sjekke eigne lån, reserveringar og kunne fornye. Du får tilsendt passord i Bibsys på di epostadresse. Er du i tvil om kva som er din brukarident, ta kontakt med biblioteket.


Sist endra: 15. mars 2011 14:25:24