Korleis får eg henta inn referansar frå Ebscobasane (Academic Search Premier, Cinahl, Eric og SportDiscus) til mitt bibliotek i EndNote?
Når du har søkt og fått ei treffliste i basen som du er fornøgd med, vel du "Add to folder" på dei referansane du vil leggje inn i EndNote.
Då legg referansen seg i ei eiga mappe. Når du har fylt mappa med dei referansane du vil ha, kan du opne mappa (folder) som ligg i menyen til høgre . Der vil det no stå "Folder has items".
Opne denne ved å velge Go to: folder view og hak av dei referansane du vil ha med, vel så Export. (ikon med grøn pil) Då får du opp valboksar som heiter Save, hak så av for Export to EndNote etc.
Deretter vert du spurt om kva for EndNote-fil du vil legge referansane inn i. Velg så EndNote-biblioteket ditt og klikk på åpne.
Sist endra: 25. februar 2009 16:03:02