For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Databasar, pedagogikk

Academic Search Premier

Academic Search Premier har omlag 4.500 tidsskrift i fulltekst innan dei fleste akademiske fag. Over 3.500 av desse er fagfellevurdert. Fleire tidsskrift held attende fulltekst av nyare artiklar/ tidsskriftnummer. (Også kalla karantene/ embargo/ delay). Dei kan vera sperra frå 3 månader til 1 år.
I tillegg til fulltekst, kan du søkje i abstracts/ samandrag frå over 7.000 titler. Nokre av fulltekstartiklane er kun tilgjengelege i PDF-format, mange finst også i html.
Lær å søkje i Academic Search Premier (demo)

Studentar og tilsette utanfor datanettverket til HSF: Be om passord på biblioteket eller finn det i Fronter under "Biblioteket: Informasjonstavle"

Eric

Internasjonal database over pedagogisk litteratur med referansar til tidsskrift, bøker, avhandlingar m.v. Frå 1966-.

Studentar og tilsette utanfor datanettverket til HSF: Be om passord på biblioteket eller finn det i Fronter under "Biblioteket: Informasjonstavle"

Idunn

Norske tidsskriftartiklar i fulltekst: i alt 36 tidsskrift frå Universitetsforlaget og Gyldendal Akademiske.
Lær å søkje i Idunn (demo)
Studentar og tilsette utanfor datanettverket til HSF: Logg deg på i Fronter og finn inngang til Idunn via oppslagstavla til biblioteket!

ISI

Internasjonal artikkel- og siteringsbase, i alt 3 basar:Science Citation Index Expanded (SCI: realfag, medisin og teknikk)Social Sciences Citation Index (SSCI: div. samfunnsfag)Art and Humanities Citation Index (A&HCI: kunst og humaniora)Frå 1986- .
Lær å søkje i ISI (demo)

Studentar og tilsette utanfor datanettverket til HSF: Be om passord på biblioteket eller finn det i Fronter under "Biblioteket: Informasjonstavle"

Norart

Referansar til artiklar frå tidsskrift og årbøker utgjeve i Noreg innanfor alle fagområde; helsefag, sosialfag og teologi er særleg godt dekt. Frå 1980, men basen dekker også eldre årgangar innanfor nokre fagområde.
Lær å søkje i Norart (demo)

PsycInfo

Referansedatabase innan psykologi og beslekta emne (medisin, psykiatri, sjukepleie, sosiologi) under Ovid. Hovudinnhaldet er referansar til artiklar frå nesten 2000 tidsskrift på 35 språk. Nesten alle tidsskrifta er underlagt fagfellevurdering (peer review). Bøker og avhandlingar er og med, og referansane har samandrag på engelsk. Databasen dekker informasjon frå 1972-.



Sist endra: 09. desember 2010 11:37:14