For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Databasar, idrett

Academic Search Premier

Academic Search Premier har omlag 4.500 tidsskrift i fulltekst innan dei fleste akademiske fag. Over 3.500 av desse er fagfellevurdert. Fleire tidsskrift held attende fulltekst av nyare artiklar/ tidsskriftnummer. (Også kalla karantene/ embargo/ delay). Dei kan vera sperra frå 3 månader til 1 år.
I tillegg til fulltekst, kan du søkje i abstracts/ samandrag frå over 7.000 titler. Nokre av fulltekstartiklane er kun tilgjengelege i PDF-format, mange finst også i html.
Lær å søkje i Academic Search Premier (demo)

Studentar og tilsette utanfor datanettverket til HSF: Be om passord på biblioteket eller finn det i Fronter under "Biblioteket: Informasjonstavle"

Amed

AMED står for Allied and Complementary Medicine. Basen (som ligg under Ovid) registrerer artiklar innan alternativ medisin, fysioterapi, ergoterapi, rehabilitering, podiatri, tale- og språkterapi og palliativ pleie. Amed registrerer frå omlag 500 tidsskrift, dei fleste på engelsk. 1985-

Cochrane

Inneheld systematiske oppdaterte oversikter i fulltekst over og vurderingar av relevant forskning innanfor helsevesenet. Vert oppdatert kontinuerleg. Frå 1991- .

Herakles

Fransk idrettsdatabase. Basen er 3 delt; Heracles er ein bibliografisk database, her finn du artiklar, bøker og avhandlingar innan sport og fysisk aktivitet. Argo viser til franskspråklege nettressursar innan idrett. Centaure er ein database for hest og ridning.

Medline

Bibliografisk database som dekker medisin og helsefag medreferansar til meir enn 9 mill. artiklar frå om lag 3 900 medisinsketidsskrift. Inneheld alt materiale frå Index Medicus, Index to Dentalliterature og International Nursing Index. Ein stor del av artiklane har samandrag.

Studentar og tilsette utanfor datanettverket til HSF: Be om passord på biblioteket eller finn det i Fronter under "Biblioteket: Informasjonstavle"

Ovid

Databasevert som inneheld basane AMED, Cinahl, EMBASE, OVID MEDLINE og PsycINFO.
Referansar hovudsakleg til tidsskriftartiklar, men også til konferanserapportar, bøker, avhandlingar m.v.

Proquest Medical

ProQuest Medical Collection er ei samling tidsskrifter sett saman av tre ProQuest-basar. Mange er i fulltekst, men ikkje alle.
* ProQuest Medical Library (ca 600 titlar)
* ProQuest Nursing Journals (ca 500 titlar)
* ProQuest Psychology Journals (ca 450 titlar)

Pubmed

Database frå National Library of Medicine med tilgang til over 12 mill. referansar frå Medline. Frå om lag 1965- .

Spolit

Idrettsdatabase som også dekkjer tilgrensande fagområde. God dekning av tysk og austeuropeisk idrettslitteratur. Samandrag av artiklar. (For å koma inn: gå inn på "Free access", velg "German language literature databases", derifrå kan du velgja Spolit)

SPORTDiscus

Internasjonal idrettsdatabase. Dekker ulike emneområde innanfor idrett, sportsmedisin, trening, fysiologi og psykologi, utdanning, biomekanikk, rekreasjon, treningsstudio og utstyr m.v.
Om lag 600 000 referansar til artiklar i internasjonale og nasjonale
idrettstidsskrift, konferanserapportar og avhandlingar.
Frå om lag 1975-.
Lær å søkje i SPORTDiscus (demo)

Studentar og tilsette utanfor datanettverket til HSF: Be om passord på biblioteket eller finn det i Fronter under "Biblioteket: Informasjonstavle"

SveMed+

Svensk artikkelbase innanfor emneområda medisin, odontologi, idrettsmedisin, helse- og sjukepleie. Hovudsakleg svensk og engelskspråkleg materiale, men også ein del dansk og norsk. Basen omfattar ein del norsk tidsskrift som ikkje blir analyserte i NORART. Frå og med januar 2003 er andelen analyserte norske tidsskrift monaleg auka. 1977-.
Lær å søkje i Svemed (demo)



Sist endra: 09. desember 2010 11:34:12