For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Studieplanar og informasjonskompetanse

"Informasjonskompetanse må inn i studieplanane",
"Undervisninga må integrerast i ordinær undervisning"
Dette var gjennomgangsbodskapen i eit møte som Universitets- og høgskolerådet, Bibliotekutvalet, arrangerte i Bergen 27. september.

Møtet drøfta den rolla institusjon og faglærarar har i høve biblioteket når det gjeld undervisning i informasjonsferdigheiter og trekte fram døme på samarbeid mellom fagleg side og biblioteket. Målgruppa var alle som arbeider med undervisning i høgare utdanning og opplæring i informasjonskompetanse, spesielt fagleg tilsette. Møtet samla om lag 90 deltakarar. Frå HSF møtte bibliotekar Lise Vik-Haugen.

Først ute var rektor ved Universitetet i Bergen, Sigmund Grønmo, som sette dagsorden ved å presisere kor viktig det er utvikle informasjonskompetansen hjå studentane. Informasjonskompetanse vart definert som evna til å vite når og kvifor ein treng informasjon, korleis ein finn informasjonen, og korleis ein vurderer, brukar og kommuniserer informasjonen på ein etisk måte.

Avdelingsdirektør Mette Myrmell Torrissen, Utdanningsavdelingen, Universitetet i Bergen, kalla presentasjonen sin Integrering av informasjonskompetanse i undervisningen ved UiB sett fra administrativt ståsted. Ho la vekt på at undervisning i informasjonskompetanse har størst effekt når den vert integrert i ordinær undervisning, dvs. at undervisninga kjem som eit naturleg ledd i førebuinga til ei oppgåve. Universitetet har sidan 2002 hatt ein instusjonell rettleiing for bruk av kjelder i skriftlege arbeid. Tidlegare har ein ofte teke for gitt at denne kompetansen er noko studentane har når dei tek til å studera, men slik er det ikkje. Vidare vart det nemnt kor viktig det er at faglærarane legg vekt på denne typen ferdigheiter når dei evaluerer oppgåver.

Prodekan Monica Nortvedt, Avdeling for helse- og sosialfag, Høgskolen i Bergen, presenterte temaet frå ein fagleg ståstad. Nortvedt er leiar for Senter for kunnskapsbasert praksis ved Høgskolen i Bergen og sa innleiingsvis at informasjonskompetanse og kunnskapsbasert praksis i stor grad går ut på det same, nemleg å formulere spørsmål, søkje etter informasjon i høve spørsmåla og evaluere denne informasjonen. Vidare sa ho noko som sjølvsagt var god musikk for mange øyre, nemleg at når ein tek i bruk kunnskapsbasert praksis i undervisninga, fører det til behov for å tilsetje fleire bibliotekarar!

Monica Nortvedt

Monica Nortvedt
Foto: Mediesenteret, Høgskolen i Bergen

 

Førstebibliotekar Maria Carme Torras, Bibliotek for humaniora, Universitetet i Bergen, presenterte Søk og skriv, eit nettbasert kurs i informasjonskompetanse utvikla av biblioteka ved Høgskolen i Bergen, Norges handelshøyskole og Universitet i Bergen. Kurset følgjer m.a. ein jordmorstudent, Oda, gjennom hennar skriveprosess - med sorger, strev og meistringsglede:

 

Universitetslektor Rune Jensen Falch, Institutt for filosofi og førstesemesterstudier ved Universitetet i Bergen, fortalde om positivt samarbeid med bibliotektenesta ndg. utvikling av ein felles kompetanse som universitetet ønskjer at studentane skal ha. Nøkkelelement = Sitering – plagiat – kritisk vurdering av kjelder.

Sist ute var førsteamanuensis Haldis Haukanes, Institutt for utdanning og helse og universitetsbibliotekar Eystein Gullbekk, Det psykologiske fakultetsbibliotek, Universitetet i Bergen. Også dei ga fleire døme på kor viktig det er med eit godt samspel mellom fagpersonale og bibliotek

 
 


Sist endra: 18. oktober 2007 13:54:07