For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

ScienceDirect - ny database!

Godt nytt for mange av våre fagmiljø er at ScienceDirect no er tilgjengeleg for oss! Dette er ein tverrfagleg fulltekst database som har vore mykje etterspurt.
Ein finn tidsskrift innan helse, medisin, naturvitskap, miljø, energi, økonomi, leiing, psykologi og samfunnsvitskap m.m.

HiSF har no teikna abonnement på det som vert kalla "Freedom Collection".
Her finn ein over 1800 tidsskrift, og HiSF har også tilgang til arkiv, dvs. tidlegare årgangar, nokre går attende til 1995.
Det er ikkje forseinka tilgang til det nyaste stoffet.

Det er forlaget Elsevier som gir ut og driftar basen. Også fleire andre forlag sine tidsskrift er med; Academic Press, Harcourt Health Sciences, ESME og Urban & Fischer imprints.

Tidsskrift oversikt
Her finn du oversikt over våre abonnement:
http://www.sciencedirect.com/science/journals/subscribed

Ver obs på at ebøkene ikkje er omfatta av vår avtale.
Ei lita grøn hake betyr at du har tilgang. Nøkkelen viser kva årgangar du har tilgang til.
Du kan bestille artiklar frå øvrige år frå biblioteket.

Søk etter artiklar
http://www.sciencedirect.com/science?_ob=MiamiSearchURL&_method=requestForm&_temp=search.tmpl&_acct=C000031784&_version=1&_urlVersion=1&_userid=610096&md5=e1d97a72a3bb409cfc0f1c13fb090613

Korleis søke?
Her finn du ScienceDirect sine eigne hjelpesider:

http://help.sciencedirect.com/Robo/BIN/Robo.dll?mgr=agm&tpc=%2Frobo%2Fprojects%2Fsdhelp%2Fhome.htm&project=sdhelp&wnd=sdhelp%7CScienceDirect%AE%20Help&agt=wsm&ctxid=


Sist endra: 14. september 2011 10:19:53