For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Rapportering til ForskDok innan 31. januar

Tilsette ved HSF må registrere publikasjonar for 2010 i ForskDok innan 31. januar 2011.

Tilsette ved HSF er ansvarlege for å registrere resultat av FOU-aktiviteten sin, og for publikasjonar frå 2010 er siste frist for registrering i ForskDok 31. januar 2011.

Det er svært viktig at denne fristen vert halden.

HSF må i etterkant av dette kvalitetssikre og godkjenne publikasjonsdata for 2010 og rapportere dette vidare til Kunnskapsdepartementet.

- Vi oppmodar alle tilsette om raskast mogleg å legge inn informasjon om eiga forsking og publisering for 2010 inn i ForskDok. Det gjeld ikkje berre vitskaplege artiklar, men også populærvitskapleg formidling som kronikkar, artiklar i antologiar, intervju og konferansebidrag, seier bibliotekleiar Astrid Sandnes.

Frist for å melde inn forslag til nye publiseringskanalar på nivå 1 er 31. desember.

Frå ForskDok til Cristin

På nyåret skal alle norske forskingspublikasjonar med offentleg støtte samlast i ein felles base.

- ForskDok blir då avløyst av eit nytt system, Cristin. Det er difor ekstra viktig at alle er påpasselege med å få alt registrert i tide, seier Astrid Sandnes.
Universitets- og høgskulesektoren sine forskingspublikasjonar blir i 2011 samla i eit felles publiseringssystem, saman med forsking frå alle norske institusjonar i helsesektoren og instituttsektoren. Publikasjonar som er utgjevne i 2011 skal registrerast i det nye systemet, og biblioteket vil gje rettleiing når det nærmar seg lansering av den nye løysinga.

Alt som er registrert i ForskDok for 2010 og tidlegare vil automatisk bli konvertert til Cristin.

Målet er å legge til rette for at forskingsresultat frå offentleg sektor kan sjåast i samanheng og at det vert enklare å publisere ny forsking og vitskaplege publikasjonar i institusjonelle opne arkiv , som til dømes HSF Brage.

Cristin, står for Current Research Information System in Norway, er ei vidareutvikling av Frida, forskingsregistreringssystemet som har vore nytta ved universiteta dei siste åra.

Her kan du lese meir om Cristin.


Sist endra: 23. november 2010 11:15:15