For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Personleg bestillingshistorikk i Bibsys

Om du ynskjer kan du no ta vare på historikk for dine bestillingar i eit 'Bestillingsarkiv'

Denne funksjonen må du sjølv gjere aktiv via BIBSYS Ask (http://ask.bibsys.no).
Logg inn med brukarnamn og passord, og vel så 'Mi side'.

(Har du ikkje passord frå før må du bestille ved å klikke på 'Bestill passord'. Brukarnamn er lånenummeret som står på lånekort/studiekort)

I fana 'innstillingar' finn du forklaring og vilkår for tenesta 'Personleg historikk for bestillingar'.
Velg JA om du ynskjer å ta i bruk tenesta.

Sjølve bestillingsarkivet finn du under ei eiga fane på 'Mi side'. Arkivet vil berre innehalde historikk om bestillingar gjort _etter_ at du har gjeve samtykke til å ta i bruk tenesta.

Her er ei kort, illustrert rettleiing for korleis aktivere Bestillingsarkiv. :
http://www.bibsys.no/files/pdf/andre_dokumenter/bestillingshistorikk.pdf


Sist endra: 29. desember 2010 18:48:09