For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

4.500 tidsskrift i fulltekst!

Academic Search Premier er vårt nye store databasetilbod. Denne gir tilgang til 4.500 tidsskrift! Tenesta gir deg tilgang til 4.500 tidsskrift i fulltekst! Over 3.600 av desse er fagfellevurderte.

Biblioteket har hatt ulike basar til testing fram til jul. Pris og respons på desse har ført til at me har endra porteføljen noko etter nyttår. Den viktigaste endringa er at me no har fått utvida Academic Search Elite til Academic Search Premier.

Velkjend søkeskjema
Ein stor fordel ved denne utvidinga er at det skjer innanfor EBSCO sitt grensesnitt som me veit at mange brukarar har blitt vande til når dei har brukt Academic Search Elite, ERIC eller SportDiscus.

Som vanleg: fulltekst med forbehold...
Som dei andre fulltekstbasane våre, så er det i Academic Search Premier ein del artiklar der me berre har tilgang til abstracts. Viss du berre ønskjer tilgang til fulltekst, så kan du krysse av for «Full Text» i søkefelta. Vidare er det ein del tidsskrift der me ikkje har tilgang til fulltekst for dei aller nyaste artiklane. Dette vert kalla embargo/ delay/ karantene i databasesamanheng. Denne forseinkinga kan vera på 3 til 12 månader. Dette er gjort av databaseleverandøren for at me skal oppnå ein gunstigare pris frå dei forskjellige tidsskrifta /forlaga.

BIBSYS X - skaffar det som ikkje er i fulltekst!
Dersom ein artikkel ikkje er tilgjengleg i fulltekst, kan du klikke på BIBSYS X-knappen for å bestille kopi via BIBSYS på vanleg måte. BIBSYS X-tenesta finn du òg i fleire andre av våre abonnementsbasar.

Fagfellevurdering sikrar kvalitet
Fagfellevurdering (peer review) betyr at artiklane har blitt vurdert av uavhengige ekspertar på fagfeltet før publisering. Under søkefelta kan du krysse av for «Scholarly (Peer Reviewed) Journals», viss du berre vil ha fagfellevurderte artiklar.

Ebsco-basane og EndNote
Når du har søkt og fått ei treffliste i basen som du er fornøgd med, vel du "Add" som står til høgre for kvar referanse. Då legg referansen seg i ei eiga mappe. Når du har fylt mappa med dei referansane du vil ha, kan du opne mappa (folder) - sjå på linja over trefflista. Der vil det no stå "Folder has items". Opne denne og hak av dei du vil ha med, vel så Export. Då får du opp valboksar som heiter Save, hak så av for Export to EndNote etc. Deretter vert du spurt om kva for EndNote-fil du vil legge referansane inn i. Svar og lagre!

La basane jobbe for deg!
Slik kan du få Ebsco basane (Academic Search Premier, Cinahl, Eric, SportDiscus) til å sende deg nye artiklar innan dine interesseområde:

  • Opprett ein personleg brukerprofil og logg inn - bruk lenka «Sign In to My EBSCOhost».
  • Gjer dine søk. Det er mogleg å kombinere søk - sjå «Search History»
  • Frå «Search History» kan du også velje «Save Searches / Alerts».
  • Vel du å lagre søket som «alert», så dukkar det opp nokre tilleggsval om kor ofte du ønskjer varsling etc.

Korleis finn du Academic Search Premier og dei andre basane på HSF-nettet?
Her er lenker direkte til databaseoversyn
Alle databasane - alfabetisk ordna - me har tilgjengeleg.

Nokre utvalde fagområde har dessutan fått eigne lister med relevante databasar

URL direkte til Ebsco basane:

Når du utanfor nettverket til HSF…
Må du logge deg på i Fronter, gå til biblioteket si oppslagstavle og finn brukarnamn og passord! Det vert arbeidd med ei oppkopling via VPN.


Sist endra: 05. februar 2008 11:43:47