Utvida tilgang til Lovdata for studentar og tilsette ved HSF
Tenesta femner om norske rettskjelder, internasjonale rettskjelder og rettskjelder for EØS og EU.
Du finn td avgjerder i høgsterett attende til 1945. Også informasjonen frå internasjonale domstolar og regelverket deira vil du finna her, ein del av desse har norske samandrag.
Du kan også slå opp i eit rettsområde, td. emnet "offentlege anskaffelser" eller personvern.
Du finn rundskriv og regelverk og alle lokale forskrifter er med.
Det meste av innhaldet er informasjon frå det offentlege, men også td Norges idrettsforbund sitt regelverk ligg inne. Det same gjer uttalelsar og vedtak frå nemnder som gjeld pasientskade, bank, forsikring og sosiale saker.
Innanfor nokre juridiske emne vil ein dessutan finna artiklar i fulltekst.
Lovdata har gode søkeverktøy, og du blir enkelt losa gjennom lover, forarbeid, rettsavgjerder, artiklar etc.
For å få tilgang til denne utvida versjonen av Lovdata må du logge deg på.
Brukarnamn og passord finn du i Fronter under biblioteket si informasjonstavle.
Når du kjem inn på lovdata sine sider, ligg knappen for pålogging oppe til høgre!
Ta kontakt med biblioteket dersom du vil ha hjelp med å bruke Lovdata Online.
Sist endra: 15. april 2010 16:19:26