Skru på lyden på pc-en din og prøv ut våre forklaringar på korleis ting verkar!
Her vil du enkelt lære td. korleis du søkjer i Idunn, SveMed+ og Bibsys!
Biblioteka tilbyr no instruksjon i form av lyd og bilete for bruk av ulike databasar og verktøy.
Det er i første omgang utvalde tenester som er tilgjengelege med slik instruksjon. Dei ligg under Studiehjelp.
Dessutan er det laga instruksjon for korleis registrere i Forskdok.
Det er tre av bibliotekarane våre som har laga desse snuttane og dei ønskjer i neste omgang å lage fleire.
Gi oss gjerne tilbakemelding om kva du meiner!
Lise Vik-Haugen
Ann Elisabeth Opland
Anita Svedal
Sist endra: 16. juni 2008 11:25:31