"Open Access"-problematikken vedkjem alle som skriv og publiserer ved HSF, og dette var tema for fagdagen fredag 21.september. Eit anna emne var informasjonssøking i opne søkemotorar på Internet. Vår nye rektor, Åse Løkeland, møtte personalet samla for første gong.
Haustens fagdag vart innleidd med melodiøs visesong av unge Ola Skram, som også fekk med seg far sin, Dag, i Cat Stevens-balladen ”Father and Son”. |
Deretter var det rektor Åse Løkeland sin tur. Først kom ho med rosande ord til studiedirektør Terje Bjelle, som fekk si velfortente gåve etter 25 års innsats for høgskulen. Rektor kunne fortelje at Bjelle også hatt sett merke etter seg utanom HSF, mellom anna i mange viktige nasjonale nettverk. Rektor Løkeland trekte deretter fram nokre viktige utfordringar for HSF sitt fou-arbeid. Me satsar no mykje på å byggje opp forsking innanfor profesjonsutdanningane, me skipar eigne forskingsgrupper med forskingsleiarar og me satsar betydeleg på kompetanseoppbygging. Samstundes hevdar me oss godt når det gjeld vitskapleg publisering. Rektor uttrykte tillit til at me maktar å halde fram det gode arbeidet. |
|
Det var FOU-utvalet som hadde bestemt programmet på bakgrunn av forslag frå biblioteket. Biblioteket spelte inn dagens to tema fordi bibliotekarane opplever at informasjonssamfunnet er i svært rask endring, me har fått eit komplisert landskap å manøvrere i. Det er viktig å vera medviten om kvar og korleis ein skal publisere. Det er også viktig å vite meir om informasjonssøking på internet. Ein ser at det er store forskjellar på kor dyktige tilsette er i forhold til å navigere i informasjonsflaumen. Ein ser at opne kjelder blir brukt i stadig større omfang. Ein sosiolog som heiter Steve Fuller skreiv i ein artikkel i Dagbladet i sommar at Wikipedia blir sitert oftare i amerikanske rettssalar no enn det velrennomerte Encyclopedia Britannica.
Lars Våge arbeider som bibliotekar ved Mittuniversitetet i Sundsvall, held eit interessant foredrag med tittelen: "Informasjonssökning med sökmotorer på gott og ont - vad behöver vi veta? Nytt och nyttigt på nätet". Lysark frå hans foredrag finn du her. |
Lars Våge, bibliotekar, programmerar og bloggansvarleg for www.internetbrus.com |
|
Etter lunsj var det Arne Jakobsson som presenterte "open access"-problematikken. Det er ein internasjonal bevegelse som arbeider for at forsking skal bli best mogeleg tilgjengeleg. Offentleg finansiert forskning bør vera offentleg tilgjengeleg! Det viser seg også at vitenskapelege arbeid som ligg ope også har høgast "impact factor". Det lønner seg altså å eigenarkivere. Dette er også gratis. Det viktige er at forfattarane ikkje gir frå seg opphavsretten, men beheld retten til eigenarkivering/ publisering under eigen institusjon. Hans lysark finn du her! Jakobsson er prosjektleiar for tenesta Nora som er ein overbygning for alle slike arkiv i Norge. |
Overbibliotekar Arne Jakobsson og bibliotekleiar Astrid Sandnes. |
|
Deretter hadde Astrid Sandnes ein presentasjon av HSF sitt open access arkiv: HSF Brage. Her viste ulike typar publikasjonar i arkivet. Her skal gjerast ein jobb i høve til vidareutvikling både lokalt og sentralt. Bibsys har ansvar (gjennom eit felles prosjekt for slike arkiv) for produktutviklinga medan me her i HSF må bli samde om struktur og innhald. Det er mange opne spørsmål framleis. Det er dessutan viktig å få til ei god forankring i institusjonen slik at dei som publiserer følgjer opp. Forskdok skal tilretteleggast (av Bibsys) slik at ein enkelt kan levere publikasjonar til HSF Brage. Biblioteket har laga sine sider om open access og Brage. |
|
|
.
|
Arrangørar, initiativtakarar frå biblioteka og foredragshaldarar på fagdagen: Frå venstre: FOU-leiar Georg Arnestad, bibliotekleiar Astrid Sandnes, overbibliotekar Arne Jakobsson, bibliotekarane Gerd Vik, Lars Våge og Anita Svedal. |
|
Lunsjen var på Fosshaugane Campus der Studentsamskipnaden har starta kantinedrift no i haust. |
Sist endra: 30. september 2007 21:10:10