For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Ein godt skjult løyndom?

Arbeider du ofte heimanfrå? Som student eller tilsett har du tilgang til mange gode og omfattande databasar også når du arbeider utanfor HSF sitt datanettverk.

Følgjande tenester er enkelt tilgjengelege:

  • Ordnett (29 ulike ordbøker)
  • Idunn (norske tidsskriftsartiklar i fulltekst)
  • Atekst (artikkelarkiv til mange norske aviser)

Vitskaplege databasar:

  • Academic Search Premier
  • Business Source Elite
  • SPORTdiscus
  • Regional Business News
  • CINAHL
  • ERIC
  • MEDLINE
  • JSTOR

Kva gjer du for å få tilgang?

  1. Det enklaste er å logge på intranettet. Gå til heimesida for tilsette eller studentar. Øvst til høgre på heimesida står det "logg inn".
  2. Bruk ditt vanlege brukernamn og passord.
  3. Deretter vil du få opp ei lenke med namnet ditt - sjå oppe i høgre hjørne. Klikk på namnet ditt, og du får opp ei rosa liste over det du har tilgang til.
  4. Det er viktig at du brukar lenkene her til å få opp tenestene.

Nokre av dei øvrige basane som td. ISI og Lovdata, krev brukarnamn og passord når du er utanfor nettverket. Du finn informasjon om dette under biblioteket si informasjonstavle i Fronter.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Gerd Vik, tlf 57676220


Sist endra: 07. oktober 2010 09:16:26