For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

E-bøker frå Springer

Biblioteket tilbyr no over 8000 akademiske e-bøker frå Springer forlag!

Dette er engelskspråkleg litteratur, utgitt i perioden 2005 og fram til i dag og er henta frå pakker frå følgjande fagområder:

  • Business & Economics (1452 titlar)
  • Behavioral Sciences (286 titlar)
  • Humanities, social sciences and law (1630 titlar)
  • Medicine (2077 titlar)
  • Engineering (2674 titlar)

Det er ingen restriksjonar på tal nedlastingar eller utskrifter for høgskulen sine brukarar.

Bøkene kan lesast i ein standard nettlesar, lastast ned i PDF-format til lesebrett eller PC.

 

Korleis finn ein bøkene?

Bøkene finn ein m.a via BIBSYS og her kan du velgja:
* avansert søk
* vel vår institusjon som kjelde
* hak av for e-bøker
* avgrens til avdeling HSF

Dette kombinerer du med dine faglege val av emne!

Når du har funne den aktuelle tittelen følgjer du lenka vidare til fullteksten. Ynskjer du å laste ned, må du ta kapittel for kapittel.

 

http://ask.bibsys.no/ask/action/result?cmd=&kilde=biblio%3AHSF&fid=avdeling&term=HSF&op=and&fid=bd&term=&bibliografi=&materiale=bok.e&avdeling=&arstall=&sortering=sortdate-&treffPrSide=10

 

Du kan også gå til Springer si heimeside www.springerlink.com og søke dei opp der, men då vil du få opp alle deira titlar, medan fulltekst berre vil vera tilgjengeleg til delar av samlinga.

Kva med lesebrett?

Dersom du ikkje ønskjer å berre lese på pc-skjermen din, kan du laste ned til lesebrett. Filene ligg i pdf-format.

Biblioteka vil få nokre lesebrett av ulike typar for utprøving. Elles er nok røynsla at det er lurast å ha sitt eige brett.

Korleis er bøkene vald ut?

Det er eit samarbeid og felles midlar under UH-Nett Vest som har gjort det mogeleg for HSF å tilby desse samlingane.

Erfaringane frå Universitetet i Bergen viser at desse bøkene vert mykje brukt.


Sist endra: 16. mai 2011 11:25:03