For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

CINAHL i ny innpakning

Denne basen har HSF framleis tilgang til, men no gjennom Ebsco (denne basen ligg altså ikkje lenger under Helsebiblioteket).

Her finn du over 2.900 tidsskrift innan sjukepleie, helsefag og tilgrensande område. Basen inneheld 1 000 000 referansar til engelskspråklege tidsskrift attende til 1981. Omfattar også ein del bøker og avhandlingar.

Korleis finn du Cinahl og dei andre basane på HSF-nettet?
• Vel Biblioteket – Databasar i venstre marg.
Her vil du først finne eit oversyn over alle databasane me har tilgjengeleg. Nokre utvalde fagområde har dessutan fått eigne oversyn:
o For helsefag
o For idrettsfag
o For pedagogikk
• Her har du URL direkte til
o Academic Search Premier
o Cinahl
o Eric
o SportDiscus

Når du utanfor nettverket til HSF…
Må du logge deg på i Fronter, gå til biblioteket si oppslagstavle og finn brukarnamn og passord!

Nokre tips!

Fagfellevurdering sikrar kvalitet
Fagfellevurdering (peer review) betyr at artiklane har blitt vurdert av uavhengige ekspertar på fagfeltet før publisering. Under søkefelta kan du krysse av for «Scholarly (Peer Reviewed) Journals», viss du berre vil ha fagfellevurderte artiklar.

BIBSYS X - skaff det som ikkje er i fulltekst!
Dersom ein artikkel ikkje er tilgjengleg i fulltekst, kan du klikke på BIBSYS X-knappen for å bestille kopi via BIBSYS på vanleg måte. BIBSYS X-tenesta finn du òg i fleire andre av våre abonnementsbasar.

La basane jobbe for deg!
Slik kan du få Ebsco basane (Academic Search Premier, Cinahl, Eric, SportDiscus) til å sende deg nye artiklar innan dine interesseområde:
• Opprett ein personleg brukerprofil og logg inn - bruk lenka «Sign In to My EBSCOhost».
• Gjer dine søk. Det er mogleg å kombinere søk - sjå «Search History»
• Frå «Search History» kan du også velje «Save Searches / Alerts».
• Vel du å lagre søket som «alert», så dukkar det opp nokre tilleggsval om kor ofte du ønskjer varsling etc.

EndNote og Cinahl
Korleis får eg henta inn referansar frå Cinahl og dei andre Ebscobasane (Academic Search Premier, Eric og SportDiscus) til mitt bibliotek i EndNote?
Når du har søkt og fått ei treffliste i basen som du er fornøgd med, vel du "Add" som står til høgre for kvar referanse. Då legg referansen seg i ei eiga mappe.
Når du har fylt mappa med dei referansane du vil ha, kan du opne mappa (folder) - sjå på linja over trefflista. Der vil det no stå "Folder has items". Opne denne og hak av dei du vil ha med, vel så Export. Då får du opp valboksar som heiter Save, hak så av for Export to EndNote etc. Deretter vert du spurt om kva for EndNote-fil du vil legge referansane inn i. Svar og lagre!


Sist endra: 13. februar 2008 12:25:51