For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Biblioteket ynskjer fleire Open access-registreringar

I HSF sitt Open access-arkiv, HSF Brage, er det no registrert fleire fagfellevurderte tidsskriftartiklar. Samlinga veks og biblioteket tek gjerne i mot fleire bidrag.

Fagtilsette har no registrert sin vitskaplege produksjon for 2008 i Forskdok. Mange av desse publikasjonane kan også publiserast i fulltekst (pdf) i HSF Brage. Til no er det flest masteroppgåver og bacheloroppgåver som er registrert i basen.
Sollaug Burkeland sin "Fattigdommens hensiktsmessighet" frå 2008 er ein av artiklane som so langt er lagt inn.

Kan dine publikasjonar fritt leggjast ut i Brage?

1. Sjekk Sherpa/Romeo-lista: http://www.sherpa.ac.uk/romeo/ , internasjonal liste med informasjon om forlaga sin politikk når det gjeld open access, opphavsrett og sjølvarkivering, eller tilsvarande for norske forlag: http://www.ub.uit.no/wiki/openaccess/index.php/Norske_forlag

2. Snakk med forlaget ditt – be dei bekrefte pr. epost om dei stiller seg positive til publisering i Brage

3. Biblioteket gjer registreringa for deg.
Kontakt bibliotektenesta v/ lise.vik-haugen@hisf.no, tlf. -6207

 
Forskningsrådet krev Open access

Norges forskningsråd vedtok nyleg ”Prinsipper for Open access” Dei skriv m.a. følgjande: "Prinsippene slår fast at vitenskapelige tidsskriftsartikler som bygger på FoU-prosjekter finansiert av Forskningsrådet, skal lagres i åpne digitale arkiv og dermed gjøres tilgjengelig for alle interesserte. Forskningsrådet understreker imidlertid at slik arkivering ikke må bryte med forfatteres og utgiveres rettigheter."

Les meir om dei nye retningslinjene på vevsidene til Forskningsrådet

 


Sist endra: 09. mars 2009 10:49:57