For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Biblioteket aukar databasetilbodet frå EBSCO

Business Source Elite med mykje fulltekst er no tilgjengeleg for studentar og tilsette.

Databasen Business Source Elite omfattar artiklar frå tidsskrift innan leiing, økonomi, marknadsføring m.v. Basen omfattar artiklar frå over 1.800 tidsskrift, 1.100 av desse er i fulltekst. Merk at det er forseinka tilgang (embargo) på nokre av desse. Basen inneheld også selskapsprofilar (”Company profiles”) frå Datamonitor. Du som er vant med å bruke andre databasar frå EBSCO som t.d. Academic Search Premer eller Sportdiscus, vil kjenne att måten å søkje på. Du finn elles brukarrettleiing her. Tittelliste finn du her.
Biblioteket arrangerer gjerne ei form for opplæring i bruk av basen dersom du eller fagmiljøet ditt ønskjer det. Me vonar også at studentane særleg ved AØR får høve til å bli kjende med basen, ta gjerne kontakt for eit undervisningsopplegg.

Kontakt: Biblioteket Fjøra v/ Lise Vik-Haugen, tlf. -6207.

Regional Business News kjem saman med Business Source Elite, men er ein eigen database med næringslivsinformasjon frå USA. Omfattar 80 publikasjonar i fulltekst.

Studentar og tilsette utanfor datanettverket til HSF: Be om passord på biblioteket eller finn det i Fronter under "Biblioteket: Informasjonstavle".
Du kan også få tilgang ved å logge deg inn på intranettet, og deretter klikke på namnet ditt som kjem fram øvst til høgre på sida.


Sist endra: 17. august 2010 14:58:48