|
Brukarane sine behov skal styra biblioteket si tenesteutvikling. Biblioteket skal vera ein sentral lærings- og utviklingsarena for studentar og tilsette der både fysiske rom, samlingar, nettbaserte tenester, rettleiing og undervisning har læring og kunnskapsutvikling som mål.
|
|
Brukarane kan forventa:
- ei bibliotekteneste som følgjer med i utviklinga og er oppdatert fagleg og elektronisk
- ei bibliotekteneste som normalt er ope for brukarane alle arbeidsdagar ca. kl. 08.00-18-00 (-15.00 på fredagar) (varierer noko mellom dei ulike einingane, sjå nettsidene) [med link]
- normalt å bli ekspedert av personale med bibliotekfagleg kompetanse i tidsrommet 08.00-15.00
- å få låna og kopiera frå biblioteket sine samlingar
|
|
Bibliotektenesta skal bidra til auka studiekvalitet gjennom å leggja tilhøva til rette for læring og informasjonskompetanse
|
|
Brukarane kan forventa:
- få tilbod om undervisning i informasjonssøking og bruk av biblioteket (gjeld eigne brukarar)
- få personleg rettleiing ved behov (gjeld alle brukarar). Ved enkle spørsmål får brukaren hjelp med ein gong. Ved meir kompliserte spørsmål kan oppdraget ta lengre tid. Brukaren får normalt ei tilbakemelding innan tre dagar.
- eit bibliotek med tilstrekkeleg IKT-utstyr og arbeidsplassar
|
|
Bibliotektenesta skal vera ein integrert del av Høgskulen si faglege verksemd
|
|
Brukarane kan forventa:
- at bibliotektenesta held seg orientert om og tilpassar seg nye fag o.a. i høgskulen
- at bibliotektenesta held god kontakt med fagpersonalet og er førebudd til å gje god hjelp ved prosjekt og oppgåver
|
|
Bibliotektenesta skal vidareutvikla det elektroniske tilbodet
|
|
Brukarane kan forventa:
- at vevsidene inneheld oversiktleg og oppdatert informasjon om bibliotektenesta, orientering om informasjonssøking samt inngang til relevante basar og fulltekstpublikasjonar
|
|
Bibliotektenesta skal sikra HSF ei effektiv fagleg informasjons- og dokument-teneste
|
|
Brukarane kan forventa:
- mediesamling som støttar opp under undervisnings-, lærings- og forskingsarbeidet ved HSF
- at biblioteket lånar inn frå andre det materialet dei ikkje har sjølv. Dette tek normalt 1-2 veker (raskare ved lån frå andre einingar i HSF)
- å få rask handsaming av innkjøpsforslag
- å få tilsendt lån etter avtale (gjeld fjernstudentar, studentar i praksis, eksterne brukarar). Tingingane vert normalt ekspedert same dag.
|
|
Bibliotektenesta i HSF skal vera ein attraktiv arbeidsplass med eit godt og stimulerande arbeidsmiljø
|
|
Brukarane kan forventa:
- Fagleg oppdaterte bibliotekarar som gjer sitt beste for brukarane
- Eit triveleg og stimulerande fysisk miljø
|
|
Bibliotektenesta forventar av brukarane:
- at dei set seg inn i dei tenestene og informasjonskjeldene som bibliotektenesta stiller til disposisjon
- at dei følgjer med i informasjonen på vevsidene
- at dei følgjer dei reglane som finst for bruk av bibliotektenesta
- at fagpersonalet oppmuntrar studentane til å nytta biblioteket i læringsarbeidet
- at fagpersonalet gjer informasjonskompetanse til eit mål i studentane si utdanning
- at fagpersonalet integrerer bibliotektenesta i arbeidet med undervisningsplanlegging
- at fagpersonalet aktivt og i god tid involverer og informerer bibliotektenesta i arbeidet med prosjekt og oppgåver
|