Med EndNote kan du setja inn siteringar og generera litteraturlister i worddokument. Programmet lagar ein database over litteraturreferansane dine. Basen kan tilpassast ulike krav til publisering. Høgskulen i Sogn og Fjordane har ein institusjonslisens som gjev alle tilsette og studentar høve til å nytta EndNote.
EndNote finst i desctopversjon og webversjon. Desctopversjonen har ubegrensa lagringskapasitet og ein del fleire funksjonar enn webversjonen.
Webversjonen gjev lett tilgang til referansesamlinga uansett kor du er og gjer det enklare å dela referansar med andre Endnote-brukarar.
Dei to versjonane samarbeidar godt og kan difor brukast parallelt.
IT hjelper deg med å få innstallert desctopversjonen av EndNote. Legg inn ei melding på Meldingssystemet eller kontakt Stian Stedje Hofslundsengen på epost stian.hofslundsengen@hisf.no eller telefon 57 676155
For å ta i bruk EndNote web må du registrera deg som brukar på www.isiknowledge.com eller på www.myendnoteweb.com.
Hugs du må vera logga på HSF sitt nettverk for å registrera deg.
Etter at du har registrert deg kan du logge inn og bruka EndNote web òg utanfor HSF sitt nettverk.
Kontaktpersonar biblioteket:
Førde: Sigrid Gjelsvik, tlf 57722626
Sogndal: Lise Vik-Haugen, tlf.57676207
Bibliotektenesta kan gje deg starthjelp, men har ikkje høve til å hjelpe deg som er på eit meir avansert nivå.
Faglærarar må ta hovudansvaret for rettleiing av eigne studentar.
Me oppmodar elles om at kollegaer hjelper kvarandre, eller du kan prøva ressursane nedanfor:
EndNote
- Informasjon frå produsenten
EndNote X5 - en introduksjon
- laga av universitetsbiblioteket i Bergen
EndNote X5 - en introduksjon
- laga av NTNU Universitetsbiblioteket, Medisinsk bibliotek
EndNote Web
- informasjon frå produsenten
EndNote Web - kokebok for oppstart
- kursdokumentasjon laga av BI Biblioteket
EndNote tilbyr svært mange stilar. Det kan likevel hende du ikkje finn akkurat den stilen du treng.
Det er lett å gjere enkle tilpasningar:
Edit->Output Styles-> Edit [ønska stil] ->Bibliography->Templates.
Her endrar du t.d. "p." til "s." for å få norske forkortingar. Du kan også laste ned stilar som er tilpassa ved andre institusjonar, t.d. (lagre på C:\Programdiler(x86)\Endnote...\Styles):
Last ned norsk APA 6th (frå Høgskolen i Vestfold, oppdatert 18.11.11)
Last ned norsk APA6th -stil (frå Høgskolen i Oslo og Akershus,under arbeid, oppdatert 12.10.11)
Last ned norsk Harvard-stil (frå Universitet for Miljø- og biovitskap)
Det er mogeleg å stå i EndNote og søkje i eksterne databasar. Vi anbefalar heller det motsette, at du søker som vanleg i eksterne databasar og deretter eksporterar valde referansar til EndNote. Sørg for at EndNote med rett bibliotek er ope på datamaskina di.
Ver klar over at ulike nettlesarar kan gjere at ikkje alle oppskriftene nedanfor stemmer 100% for deg:
BI (engelsk rettleiing, omfattar m.a Business Source Complete, ISI, JSTOR, NORART, Bibsys Ask, Google scholar i ei pdf-fil)
Høgskolen i Oslo og Akershus (svært mange databasar samla i ei pdf-fil)
AMED (OVID)
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
Bibsys Ask
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
British Nursing Index (OVID)
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
CINAHL (EBSCO)
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
Cochrane Library (Wiley)
Frå Høgskolen i Vestfold
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
EMBASE (OVID)
Frå NTNU
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
Google Scholar
Frå NTNU
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
ISI Web of Science
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
JSTOR
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
NORART
Frå Høgskolen i Vestfold
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
PubMed (NLM)
Direkte import ved bruk av nettlesaren Firefox (frå NTNU)
Via mellomlagring for alle nettlesarar (frå NTNU)
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
PsycInfo (OVID)
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
Science Direct
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
SVEMED+
Frå NTNU
Frå Universitetsbiblioteket i Bergen
Import via Pdf
(EndNote har ein funksjon for importere referansen dersom du har ein artikkel som fulltekst-pdf på maskina di)
Frå Høgskolen i Vestfold
Sist endra av: Anita Svedal, 11. januar 2012 16:12:53
Publisert av: Gerd Vik, 29. mai 2006 15:01:16