For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Historieforsking

illustrasjonsbilde

Historikarane ved Høgskulen i Sogn og Fjordane etablerte hausten 2009 ei eiga forskingsgruppe for historie på tvers av avdelingane. Gruppa er eit møtepunkt for alle som driv med historisk forsking innanfor og i det nære omlandet til HSF. Det overordna målet for forskingsgruppa er å stimulere til utvikling av nye forskingsprosjekt og til forskingssamarbeid, både mellom forskarar på HSF og mellom HSF og eksterne miljø.

Mykje av historieforskinga ved HSF konsentrerer om nyare norsk historie, ofte med ein lokal/regional innfallsvinkel. Tematisk har forskinga tyngdepunkt innanfor kulturhistorie, sosialhistorie, skule-/danningshistorie, profesjonshistorie og politisk historie. Kjernen i historikarmiljøet ved HSF er bachelorutdanninga i historie ved ASF som har tre fagstillingar i historie knytt til seg. Men det arbeider òg historikarar og andre fagtilsette med sterk historisk interesse på andre fag og avdelingar.

Forskingsseminar

Ein sentral aktivitet i gruppa er forskingsseminaret som vert halde knapt ein gong i månaden frå hausten 2009. Hovudaktiviteten vil her vere presentasjon av eigne upubliserte og uferdige forskingsarbeid til kommentering og drøfting. Ut over dette vil seminaret òg ha presentasjonar og drøfting av aktuelle historiefaglege tema.Tilstellingane vert kunngjorde under arrangement.

Historiebloggen

Forskingsgruppa oppretta i mars 2010 Historiebloggen. Der finn ein utfyllande og oppdatert informasjon om forskingsaktivitetar, prosjekt, seminar og andre tilstellingar. Det er òg fritt fram for å delta i ordskifte om aktuelle historiefaglege spørsmål.

Tilknytte forskarar

Arne Apelseth, fyrsteamanuensis (norsk), ALI
Eli Bjørhusdal, doktorgradsstipendiat (norsk), ALI
Trond Erlien, doktorgradsstipendiat (profesjonsforsking), ASF
Frode Fretland, høgskulelektor (idrettsfag), ALI
Oddmund L. Hoel, fyrsteamanuensis (historie), ASF
Terje Joranger, fyrsteamanuensis (historie), ASF
Jon Helen Pedersen, fyrsteamanuensis (teologi), ALI
Rasmus Sunde, fyrsteamanuensis (historie), ASF
Per Jarle Sætre, fyrstelektor (geografi), ASF
Anders Timberlid, fyrsteamanuensis (historie), ASF

Kontaktperson: Oddmund L. Hoel



Sist endra: 01. november 2010 08:11:47