Normal tekst  Større tekst  Størst tekst  12 mars 2010
 

 

Oddmund Løkensgard Hoel disputerer

Bilde av Oddmund Løkensgard Hoel, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Oddmund Løkensgard Hoel

Med avhandlinga ”Målreising og modernisering i Noreg 1885-1940” disputerer Oddmund Løkensgard Hoel fredag 20. november for Ph.D-graden i Trondheim.

Avhandlinga tek føre seg korleis den nynorske målrørsla møtte og tok del i den omfattande moderniseringa av det norske samfunnet mellom 1885 og 1940. Dette var den store framgangsperioden for målreisinga, som kulminerte i 1940-åra då over halvparten av folkeskulekrinsane i landet hadde innført nynorsk. Avhandlinga er den første større granskinga av målrørsla og målreisinga i ein så brei samfunnskontekst og over eit tidsspenn frå 1880-åra til andre verdskrigen.

Oddmund har vore tilsett ved Avdeling for samfunnsfag sidan 2007 og underviser i samfunnsfagleg metode og nyare historie.

Disputasen finn stad ved Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet i Trondheim fredag 20. november.

Vi ønskjer Oddmund lykke til med disputasen.


Sist endra av: Caisa Hedlund, 06. november 2009 09:46:02
Publisert av: Caisa Hedlund, 06. november 2009 09:44:29