Begge delar hadde sin naturlege plass under opningsarrangementet for studiestart ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.
Rektor Åse Løkeland ønskte vel møtt til den store forsamlinga med studentar og tilsette som hadde teke plass framfor scena, som var rigga til i Sentrumsparken ved kommunehuset. Det er andre året høgskulen har lagt opningsarrangementet sitt til Sentrumsparken på grunn av byggjeaktiviteten på Fosshaugane Campus. Dette fungerer veldig godt. Høgskulen markerer på denne måten sin rettmessige plass i Sogndal.
Det var utenkjeleg for rektor å opne studieåret utan å minnast sjukepleiestudenten Hanne Kristine Fridtun som vart offer for terroren på Utøya. Ho markerte dette m.a. ved å be om eitt minutts stillheilt. Du kan lesa rektor sin velkomsstale her.
Den lokale dansegruppa Illusion overtok scena og leverte eit humørfylt og spenstig innslag. Ordførar Jarle Aarvoll ønskte velkommen til Sogndal, og gjestetalar Rasmus Mo som er marknadsansvarleg i Sogndal fotball, måtte verkeleg få dei nye studentane til å kjenne seg velkomne med sine velvalde ord om fortreffelege Sogndal.
Ei anna dansegruppe, Prestige, framførte eit dansenummer som fekk dei framfor sena til å vera med på både armbevegelsar og hoftevrikk.
Studentorganisasjonane presenterte seg i tur og orden med taleføre studentar. Leiar for studentsamfunnet Jon Vold var i særklasse. Han framførte ei sjølvlaga vise og imponerte og sjarmerte nok både dei tilsette og studentane.
Studentsamkipnaden spanderte fingermat på alle, og fadrane tok over regien med avdelingsvis informasjon og omvising rundt i Sogndal.
Klokka 15 var det på nytt samling i Sentrumsparken. Konsert med Tom Stockman band, som også spelte tidlegare på dagen, skapte framifrå stemning, og lukta av grillmaten som dei tilsette serverte fekk sikkert dei nye studentane til å kjenne seg nesten som heime.
Så kom verkeleg regnet - utruleg at det heldt seg høveleg unna fram til då.
Sjå fleire bilete frå studiestart ved HiSF i Sogndal på Facebook
Sist endra: 16. august 2011 09:04:28