For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Tykkjer det er nyttig å besøke høgskulen

Elevar frå Dale vidaregåande skule i kantina på Fosshaugane Campus i Sogndal under skulebesøket ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i mars 2009.
Elevane set pris på å få god mat i kantina når dei kjem på besøk til HSF.

Også denne vinteren har elevar i vidaregåande skule i fylket besøkt HSF for å få betre kjennskap til kva vi har å by på.

Den 5. mars arrangerte avdelingane i Førde ”Open dag”, og den 26. mars kom to bussar fullasta med elevar frå Dale vidaregåande skule i Sunnfjord til Sogndal på besøk. Tidlegare har Sogndal vidaregåande skule, Sogndal folkehøgskule og Øyrane vidaregåande skule i Førde vore på besøk i Sogndal.

Alle vert invitert

Me sender ut invitasjon til alle vidaregåande skular i fylket rundt årsskiftet, seier Åse Neraas som er rekrutteringsansvarleg i HSF. Då får dei tilbod om ein skreddarsydd dag ved HSF i Sogndal, ut frå kva ønskje dei har.

Opplegget vi har utvikla, med Turid Mølmesdal i studieadministrasjonen som sentral nøkkelperson, inneheld ein kort presentasjon av alle utdanningane våre, gruppevis informasjon frå ulike fagmiljø, omvising på skulen, lunsj og avslutning med besøk på studenthuset Meieriet.

Utan mat og drikke…

Studentsamskipnaden serverer varm lunsj i kantina i Stadionbygget på Fosshaugane campus på desse skulebesøka, og svoltne elevar er veldig godt nøgde med maten dei får. Etter lunsj vert elevane delt inn i grupper ut frå dei fagområda dei er interesserte i, og faglærarar gir dei engasjerande innføring i kva utdanningane går ut på. Faglærarane tek dei også med på ei omvising i undervisningslokala.

Quiz

Skulebesøka vert avslutta med omvisning og quiz på studenthuset Meieriet. Det er veldig populært, og det var ingen tvil om at konkurranseinstinktet var på plass hjå Sunnfjordingane!

Elevane tykkjer det er spanande å besøke høgskulen

Susanne Mølmesdal (t.v.), Ola Furnes Ness og Hilegunn Sagosen tykte besøket ved HSF var spanande.

Her er nokre av tilbakemeldingane frå elevane før avreise tilbake til Dale den 26. mars.

Hildegunn Sagosen:

- Det var spanande å høyre om sosialarbeidarutdanningane ved høgskulen, og kunne godt tenkt meg å få høyre om fleire fagområde. Eg trur eg vil studere sjukepleie i Bergen, men eg har ikkje heilt bestemt meg enno.

Ola Furnes Ness:

- Eg vil ta eitt år på folkehøgskule, og så studere idrett i Sogndal. Eg hadde høyrt mykje positivt om både studiestaden og studia frå vener som har studert ved HSF. Eg synes det var kjekt å sjå lokala som idrett har, og kunne gjerne tenkt med å få sett meir og høyrt om fleire fag.

Susanne Mølmesdal:

- Dette var ein nyttig dag. Kjekt både å få høyre om kva utdanningar de tilbyr, men faktisk også få sjå korleis det ser ut på ein høgskule, og oppleve litt av studentmiljøet. Det er også imponerande at ei så lita bygd kan få tak i så mange store artistar. Studentane i studentsamfunnet må gjere ein kjempejobb.

Høgskulen har utvikla eit konsept for skulebesøk som fungerer godt. Utfordringa er å få fleire skular til å setje av ein heil dag og ta turen.


Sist endra: 01. april 2009 13:06:58