For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Toppkarakter til førskulelærarutdanninga i Sogndal

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet gjennomført ei grundig evaluering av alle dei 20 førskulelærarutdanningane i Noreg.

Sluttrapporten frå evalueringa vart presentert denne veka, og her får HSF topp evaluering av si førskulelærarutdanning.

Grundig evaluering over to år
NOKUT-evalueringa av førskulelærarutdanninga i Noreg har gått over nærare to år og baserer seg på eit svært grundig materiale. Kvar institusjon har gjennomført sjølvevaluering, det er gjort spørjeundersøking blant alle studentar i utdanninga og kandidatundersøking av ferdig utdanna førskulelærarar. Det er også gjort eigne undersøkingar blant styrarar og øvingslærarar i praksisbarnehagar og blant avgangsstudentar i utdanninga.

Evalueringskomiteen har også gjennomført studiar av fagplanane til kvar einskild utdanningsinstitusjon, og det er henta inn kvantitative data om studentane sine prestasjonar, gjennomstrøyming i utdanninga med meir. Evalueringskomiteen har til sist gjennomført institusjonsbesøk og møtt studentar, lærarar og leiing ved kvar utdanning.

Store skilndader mellom utdanningane
Resultatet av evalueringa vart presentert på ein konferanse måndag denne veka, og sluttrapporten med vurdering av kvar einskild utdanning viser at det er godt rom for forbetring av førskulelærarutdanninga i Noreg. Evalueringa viser også store skilnader i utdanningskvaliteten mellom dei ulike institusjonane.

Gledeleg lesnad for HSF
For HSF sin del er sluttrapporten frå NOKUT-evalueringa gledeleg lesing. Førskulelærarutdanninga i Sogndal får svært rosande omtale jamført med alle andre utdanningar i landet. Det heiter mellom anna i oppsummeringa:

”Førskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane står fram som ei stabil og god utdanning, som etter komiteens meining langt på veg har nådd sitt mål om å vere kompetent, aktiv og nær.” Dette er formuleringar som står i sterk kontrast til vurderinga av dei fleste andre institusjonane (universitet og høgskular) sine førskulelærarutdanningar.

Gratulerer til Avdeling for lærarutdanning og idrett!
Høgskulen gratulerer Avdeling for lærarutdanning og idrett, og særskilt personalet ved førskulelærarutdanninga med studieleiar Aud Marie Stundal i spissen, med framifrå resultat av NOKUT-evalueringa.

Sluttrapporten finn du her på NOKUT sine nettsider.


Sist endra: 22. september 2010 14:36:01