Sparebanken Vest gav to millionar i startløyving til Høgskulen i Sogn og Fjordane i samband med oppbygging av skredkompetanse ved høgskulen.
Rektor Åse Løkeland og professor Stein Bondevik mottok løyvinga på vegne av høgskulen. Det var banksjef i Førde Birger Nedberge og marknadsansvarleg Anne Katrin Bøyum som stod for overrekkinga ved ein pressekonferanse i høgskulens lokalar i Førde 11. mai. Midlane skal mellom anna nyttast til å tilsetje ein professor som skal leie utdanningstilbod og forsking på geofarar ved HSF og til innkjøp av moderne utstyr for overvaking og varsling av skred.
- Det at Sparebanken Vest i dag har løyva heile to millionar kroner er uvurderlig for oss. Vi tek denne satsinga som eit prov på vår kompetanse på feltet, som tillit til at vi vil tilføre ny kompetanse som samfunnet treng og at vi har dei naturlege føresetnadane som gjer at satsinga skjer nettopp hos oss, sa Løkeland.
Sparebanken Vest engasjerar seg sterkt innan klimasatsing. Gjennom Visjon Vest har dei finansiert ulike forskingsprosjekt og støtta vitensentra på vestlandet innan klimasatsing.
- Sparebanken Vest skal vera ei drivkraft for utvikling og vekst i samfunns- og næringsliv på Vestlandet. I Sogn og Fjordane har vi eit næringsliv som har basert seg på høg kompetanse og vi har betydelege forskingsinstitusjonar. I ein slik samanheng vil Sparebanken Vest vere med å investere i regional utvikling og kompetanseheving. Då vert det naturleg å støtte Høgskulen i Sogn og Fjordane si skredforsking, sa marknadsansvarleg i Sparebanken Vest, Ann Katrin Bøyum.
I grunngjevinga for tildelinga var det lagt vekt på å vere del av ei brei klimasatsing der kunnskap og kunnskapsformidling er viktig. Ein ynskjer å gje høgskulen rammer til å bygge nasjonal og internasjonal spisskompetanse, bygge opp sterke fagmiljø og skape nettverk som kan forsterke miljøa. Dessutan ynskjer ein å skape arbeidsplassar, få regional utvikling av kompetanseheving og skape trygg ferdsel og samferdsel.
- Forsking på klima og geologi er ei trend i tida. Dette ynskjer vi å vere med på, sa Nedberge og la til at Sparebanken Vest ser dette i eit langsiktig perspektiv der ein får studentar tilbake til fylket og skapar arbeidsplassar.
Høgskulen i Sogn og Fjordane er den einaste høgskulen i landet som utdannar kandidatar i geologi og har erfaring med faget heilt tilbake til 1975. Høgskulen har ein stab der nesten alle har doktorgrad innan fagfeltet.
- I utvikling av fagportefølje og satsingsområde innan forsking vil vi som høgskule vere opptatt av dei samfunnsmessige behova på dei områda vi sit med kompetanse. Vi vil og vere opptatt av kva vi har særlege føresetnader for, gitt at vi er lokalisert i Sogn og Fjordane. Våre fysiske omgjevnader har i denne samanhengen vore skildra som eit laboratorium for forsking på geologi, og spesielt på skred og ras. Problemstillingane knytt til skredfare er so verklege for oss at det kan verte i meste laget til tider, sa Løkeland
- Vi har føre oss store forskingsutfordringar innan overvaking og instrumentering. I Aurland og Flåm har vi eit stort område i bevegelse som kan skape ei flodbølgje som igjen kan krevje evakuering av mange menneskjer. Vi har instrumenter som kan måle utviklinga i fjellsprekka. Løyvinga frå Sparebanken Vest gjer at vi kan investere i nye instrument og løfte vår utdanning og forsking til eit høgre nivå, sa Bondevik.
Intensivert innsats innan risiko- og sikkerheitsanalysar (ROS) og anna skredfarekartlegging vil gje auka etterspurnad etter geologikompetanse. Offentlege etatar og konsulentbransjen vil få problem med å dekke den auka etterspurnaden.
Eit utval som har gjennomgått skredulykka i Ålesund 26. mars 2008 meiner den nye utdanninga til HSF innan geofare vil vere særs viktig for å auke utdanningsnivået og meiner NTNU eller Universitetet i Oslo bør legge til rette for at HSF studentane kan vidareføre si utdanning der.
Tekst og foto: Bjørn Leirdal - bjorn.leirdal@hisf.no
Sist endra: 11. mai 2009 14:49:15