For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Studiestadene Sogndal og Førde nærmare kvarandre enn nokon gong

Bilete av Førdestudent Ole Jacob Seime og Sogndalsstudent Lena Øyre Leirdal. Dei gler seg over at kostnaden med Fjærlandsbommen no er historie.
Førdestudent Ole Jacob Seime og Sogndalsstudent Lena Øyre Leirdal gler seg over at kostnaden med Fjærlandsbommen no er historie.

Studentane Ole Jacob Seime og Lena Øyre Leirdal jublar over at det no ikkje kostar bompengar å køyre mellom Sogndal og Førde.

- Vi har brukt ganske mykje pengar på Fjærlandsbommen dei snart tre åra vi har vore studentar og kjærestar.
- Det er ikkje det at det ikkje er verd borti 400 kroner å få besøkt kjærasten sin, men det er jo kjekt i staden å bruke pengane på noko anna, seier dei to studentane.

Ole Jacob Seime er ingeniørstudent i Førde siste året og Lena Øyre Leirdal er lærarstudent på tredje året i Sogndal.

- Eg trur absolutt at fleire studentar i Førde vil vurdere å dra til Sogndal på arrangement, for eksempel under Veka, no når bommen er vekke. Med såpass stor bomavgift som det har vore, har du vurdert nøye om du vil ta turen eller ikkje, seier Ole Jacob. Dei fleste køyrer jo bil. Dei færraste tar buss, og den kostar også.

- For studentane i Sogndal vil det utan tvil vere lettare å vurdere å ta turar utover i fylket, meiner Lena.

Rektor er godt fornøgd med at turen mellom Sogndal og Førde kostar mindre

Rektor Åse Løkeland er sjølvsagt samd med studentane.

-For høgskulen er bortfallet av bommen noko vil gler oss stort over. Vi er ein høgskule med to studiestader. At det er ein og ein halv time å køyre mellom, er til å leve med, men den ekstra kostnaden som bommen har vore, har utan tvil vore ein tilleggfaktor til å skape avstand. Vi set stor pris på at den er vekke no.

- At studiestadene i høgskulen er komne tettare på kvarandre med dette, kan vi godt seie.


Sist endra: 26. november 2010 10:04:15