For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Stor interesse for deltidsutdanning i Nordfjord

Tre personar frå HSF, Avdeling for lærarutdanning og idrett var i går på informasjonsrunde i Nordfjord. Dei vitja fire stader og sytti personar møtte fram.

Dei vitja Stryn, Eid, Selje og Davik, og sytti engasjerte personar kom for å få informasjon om deltidsutdanning.

Det vil om få år bli mangel på lærarar i regionen sidan mange lærarar vil gå av med pensjon. Det vil bli ei stor utfordring å skaffa kvalifiserte lærarar, og Nordfjord saman med høgskulen tar no tak i denne utfordringa. Interessa blant dei frammøtte var stor, og det tyder godt for ei deltids lærarutdanning i Nordfjord. Dette vil og bli ei stabil arbeidskraft i regionen sidan det er vaksne folk som er busette der.


Sist endra: 26. mars 2009 13:42:08