Heile 58 studentar møtte opp til studiestart i Førde onsdag denne veka. 27 av desse hadde takka ja til studieplass allereie i august.
|
Sjølvkomponert musikk Thea Hjelmeland ønskte dei nye studentane velkomen med vakker song til sjølvkomponerte låtar. Med klokkeklår røyst og ukulele som einaste instrument, trollbatt ho publikum.
|
|
|||
|
|
|||
|
Ver engasjert! var oppfordringa til dei nye studentane frå leiar i studentsamfunnet i Førde, Hege Hopland, og leiar av Studentparlamentet ved HSF Lotte Jensen. |
||||
|
Den beste nyttårsgåva vi kunne få Dette er ein gledens dag og den beste nyttårsgåva vi kunne få - sa ein strålande nøgd dekan Eva Marie Halvorsen då ho ønskte kvar enkelt student velkommen til avdeling for helsefag. Stor geografisk spreiing Heile sju nasjonar var representerte i det nye kullet; Russland, Somalia, Afghanistan, Tibet, Sri Lanka, Iran og Norge. |
|
|||
Sist endra: 07. januar 2011 14:24:05