For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Rekordopptak til sjukepleieutdanninga

Rekordhøge 74 studentar startar 4. januar på sjukepleiestudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i Førde. Eit nytt samarbeid med Gateway College bidreg til dei gode opptakstala.

Aldri tidlegare har so mange nye studentar meldt sin ankomst ved oppstart på sjukepleiestudiet i januar. Dei fleste har søkt seg til høgskulen via samordna opptak og lokalt opptak, medan ni av dei nye studentane kjem frå Gateway College i Cape Town.

Høgskulen har hatt erfaring med å rekruttere studentar via samarbeidet med Gateway til idrettsfag og starta hausten 2011 eit samarbeid mellom Gateway College og sjukepleieutdanninga. No ønskjer 9 av 10 Gatewaystudentar og fortsette studiane i Førde.

Offisiell opning ved ordførar og føredrag ved Marco Elsafadi

Det vert fullt program for dei nye studentane 4. januar. Det vert offisiell velkomst ved ordførar, assisterande rektor og andre representantar klokka 11.00 i Festsalen på Vie. Deretter vert det lunsj, før dekan og institutteiar ønskjer dei nye studentane vel møtt klokka 12.15. Klokka 16 vert det motivasjonsforedrag med Marco Elsafadi og på kvelden vert det fadderaktivitetar og opningsarrangement på studentkroa Akutten.


Sist endra: 03. januar 2012 10:34:54