Eit samla utdannings- og forskingsmiljø i Noreg som arbeider med skred, arrangerer nasjonalt skredseminar i Førde 11. mai. Frist for påmelding er 4. mai.
Skred frå bratte dalsider og leirområde er eit aktuelt problem i store delar av landet.
Hovudtema for seminaret er korleis ein kan registrere og overvake ustabile fjellparti og skråningar slik at ein blir i stad til å varsle skreda, og unngå tap av menneskeliv. Målet er å informere om kva problemstillingar forskings- og utdanningsmiljø i Noreg arbeider med på skred, og på kva for område det vil vere viktig med auka forskingsinnsats.
Her finn du meir informasjon, program og påmeldingsskjema til skredseminaret.
Som eit innslag i seminaret vil Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen og Vassdrags- og energidirektør Agnar Aas vere med på markeringa av at Regjeringa frå 1. januar 2009 har gitt Norges Vassdrags- og energidirektorat - NVE hovudansvar for statleg førebygging av skredulukker i Norge.
Alt går føre seg i høgskulen sine lokale på Vie i Førde. Klikk på biletet nedanfor og sjå full storleik.
Sist endra: 29. april 2009 12:27:35