For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Nye studentbustader i Sogndal

Elvatunet studentbustader i Sogndal
Elvatunet studentbustader i Sogndal

Kunnskapsdepartementet har fordelt midlar til bygging av bortimot tusen nye studentbustader i landet. Av desse får Sogndal 55.

Rektor ved HSF Åse Løkeland og direktør for Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane (SISOF) Randi Marie Sjøholt er sjølvsagt svært glade for dette.

- Tomt til nye bustader er bestemt, så no gjeld det å komme i gang med nødvendig planleggingsarbeid, seier dei.

Tomta ligg kloss inntil Fjærlandvegen eit steinkast frå Fosshaugane Campus og i forlenging av studentbustadene Elvatunet som i dag rommar 88 bueiningar.

- Ingenting er betre for oss enn å få byggje fleire studentbustader nær høgskulen, seier studiedirektør Terje Bjelle.

- I konkurransen med dei andre utdanningsinstitusjonane er det viktig for oss å vere attraktiv med å ha kort veg mellom dei ulike stadene der studentane skal ferdast. Dessutan er det meir miljøvenleg, seier Bjelle.

Ein del av dei nye bueiningane vil bli dimensjonert som familiebustader og vil erstatte bustadene på Kaupanger.


Sist endra: 09. februar 2010 14:31:14