Nok ein gong har vi fått bekrefta at HSF-studentane gjer det godt og fullfører studia sine, seier studiedirektør Terje Bjelle.
Studiedirektør Terje Bjelle ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har funne gledelege tal i den nyleg framlagde statistikken frå Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste. Her går det fram at kvar HSF-student i gjennomsnitt avla eksamenar tilsvarande 45,7 studiepoeng i 2008. Dette plasserer HSF-studentane blant dei mest produktive i landet.
Gjennomsnittet avlagte studiepoeng for alle studentar ved universitet og høgskular i Noreg i 2008 var 41,5 studiepoeng.
- Dette er gledeg for oss, seier Bjelle. Det betyr at dei studentane som vel å studere ved HSF, i stor grad lukkast med sine utdanningar .
Sist endra: 08. april 2009 14:03:10