For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

HSF inviterer dei vidaregåande skulane

Dei unge som veks opp i fylket bør få skikkeleg kjennskap til kva fylket sin eigen høgskule har å tilby, seier rekrutteringsansvarleg Åse Neraas.

I januar startar alle dei aktivitetane som skal hjelpe avgangselevane i vidaregåande skule til å finne ut kva dei skal ta til med, kva utdanningsveg dei skal velje. Då startar også utdanningsmessene rundt i landet, og då startar universiteta og høgskulane sine besøksrundar.

No inviterer HSF også elevane til å KOMME på besøk

Samstundes med dei nemnde aktivitetane vil høgskulen tilby klassar frå dei vidaregåande skulane i fylket til å komme på besøk til HSF.

- Det er mykje som kan bli formidla av ambassdørar som kjem til skulane, men noko heilt anna er det for elevane å prøvesitje auditoria og få orientering om fag dei er interesserte i av dei som underviser på høgskulen i faga, få lunsj i studentkantina og møte studentar i deira eiga storstove Meieriet, seier rekrutteringsansvarleg Åse Neraas.

- Vi har gjennom fleire år jobba fram eit opplegg som vi no tykkjer er veldig godt tilpassa elevane i vidaregåande skule. Derfor vil vi i år gå breitt og tungt ut og tilbyr gratis transport og gratis lunsj til alle dei skulane som vil ta med seg elevane til ein lærerik og opplevingsrik dag i Sogndal. Dagen vert planlagt i samråd med rådgjevar på den einskilde skule, slik at dagen skal bli så godt tilpassa behova som mogleg.

I tillegg arrangerer avdelingane i Førde kvart år ein Open dag med mykje spennande program.

- Elevane bør ikkje vekse opp i Sogn og Fjordane utan å få skikkeleg kjennskap til kva høgskulen i heimfylket kan gje dei, seier Åse Neraas.


Sist endra: 11. november 2010 19:51:21