Etter at alle studentar no er talt opp, kan HSF konkludere med solid auke i studenttalet denne hausten.
- Me har drøyt 2 700 studentar i år, seier ein nøgd studiedirektør Terje Bjelle. Dette er ei auke på 12% samanlikna med fjoråret. Vi må heilt tilbake til 2002 for å finne like gode tal.
Dei fleste avdelingane ved HSF har hatt ei auke, og størst auke i tal studentar har det vore på Avdeling for ingeniør- og naturfag og Avdeling for Lærarutdanning og idrett.
- Noko av auken vår skuldast spesielle rekrutteringstiltak i Sogn og Fjordane, og noko skuldast ein meir usikker arbeidsmarknad i kjølvatnet av finanskrisa, seier Bjelle.
- Men auken i studenttalet er brei og solid, og me tek det som eit teikn på at HSF er i ferd med å styrka posisjonen sin uavhengig av dei meir spesielle forholda. Satsinga vår på stabile og solide profesjonsutdanningar retta mot dei store velferdssektorane, kombinert med tilbod som i større grad er tilpassa skiftande behov og trendar i samfunnet, synest å fungera bra.
- Auken i studenttalet gir også ein meir solid økonomisk basis for høgskulen, og det trengst, seier Bjelle. - Me står framfor ei ressurskrevjande satsing på den nye lærarutdanninga, og me håpar å få opp nokre fleire mastergradtilbod i løpet av dei næraste åra. Begge delar trengst i arbeidet for ein sterk høgskule i fylket.
Sist endra: 03. november 2009 13:59:55