Minneord om Harald Grimen som døydde laurdag 26. februar, 55 år gamal.
Harald Grimen døydde etter komplikasjonar i samband med ein hjarteoperasjon. Med han er ein av Noregs fremste filosofar gått bort, og norske universitet og høgskular har tapt ein framifrå forskar, lærar og rettleiar.
Harald var fødd i 1955. Han kom frå Gulen kommune og hadde barndomsheimen sin på øya Grima rett nord for Byrknesøy. Han reiste tidleg ut, gjekk på realskulen i Balestrand og gymnaset på Eid, og studerte filosofi og samfunnsvitskap ved Universitetet i Bergen. Der tok Harald doktorgrad i filosofi i 1988 og han arbeidde i fleire år som forskar og førsteamanuensis ved Senter for vitskapsteori. Frå 1994 var han professor ved Universitetet i Tromsø, og frå 1999 til 2002 forskingsleiar ved Institutt for allmennmedisin og samfunnsmedisinske fag ved Universitetet i Oslo. Frå 2003 og fram til han døydde var han professor ved Senter for profesjonsstudiar ved Høgskolen i Oslo. Han hadde eit omfattande forfattarskap og fleire av dei sentrale arbeida er omsette til fleire språk.
Frå hausten 2009 var Harald Grimen tilsett som professor II i 20 prosent stilling ved Avdeling for samfunnsfag ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Me såg snøgt at me her hadde fått tilgang på ein eineståande fagleg ressurs med stor arbeidskapasitet. Og Harald var ein fin mann, raus og lun, og med ei smittande arbeidsglede. Evna hans til å formidla kompliserte emne og tankerekkjer på klårt og meiningsfullt vis, var formidabel. Sameleis sette han seg snøgt inn i andre sine faglege arbeid og gav presise og fruktbare kommentarar.
Harald rettleia fagtilsette i deira forsking og utvikling av faglege manuskript. Han heldt ein serie førelesingar ikring omgrepa ”skjønn” og ”tillit”, og bygde på eigne nyskapande grunnlagsarbeid om helse- og sosialprofesjonane i velferdssamfunnet. Harald var også medlem i høgskulens komitéarbeid for å utvikla nytt masterprogram i helse- og sosialfag og kom med vektige og fine bidrag. Både ved høgskulens lærestader i Sogndal og i Førde var det mange som kjende seg klokare, sterkare og rikare etter samlingar med Harald, anten det var i undervisning, personleg rettleiing, eller i arbeidsmøte.
I sorga går våre tankar og medkjensle til mora Kirsten og søskena Normann, Leif og Irene, og deira næraste. Me er mange som kjenner på stor takksemd for å ha fått oppleva og læra av Harald Grimen.
På vegne av vener og kollegaer
GUNNAR YTTRI, dekan, Høgskulen i Sogn og Fjordane
Sist endra: 07. mars 2011 09:52:31