For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Grunnstein til Sentralbygg ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er lagt

Statsråd Heidi Grande Røys i Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg ned grunnsteinen for Sentralbygget ved Høgsulen i Sogn og Fjordane. I bakgrunnen rektor Åse løkeland og adm. direktør i Statsbygg Øivind Christoffersen

Statsråd Heidi Grande Røys la skrinet på plass i jorda medan rektor Åse Løkeland og direktør Øyvind Christoffersen i Statsbygg såg til at det gjekk rett føre seg.

Sola skein og alle var glade då grunnsteinen vart lagt som eit synleg bevis på at høgskulen no vil få sitt Sentralbygg på Fosshaugane Campus.

Trekte trådar attende til 90-talet

Etter rektor sin velkomst heldt administrerande direktør i Statsbygg ein tale der han trekte trådane tilbake til tidleg 90-talet. Dåverande rektor Jon Møst hadde alt då uttrykt i klartekst til departementet at no MÅTTE lærarhøgskulen ha meir plass, og klaga over seindrektigheita med å føre opp ein nytt høgskulebygg. Han hadde følgjande hjartesukk: Å få nytt bygg har diverre synt seg å vera eit Soria Moria som alltid ligg rett bak neste blåne. Dette hjartesukket resulterte i Fossbygget, men framleis var høgskulen spreidd.

Og Christoffersen heldt fram: Det var kanskje skjebnens ironi som førte til at pengene til bygging av nytt fellesbygg på Fosshaugane Campus ble fremmet av en regjering som faktisk har sin egen Soria-Moriaerklæring og som gjennom sin startbevilgning tidlligere i år ikke hadde tenkt å la fellesbygget på Fosshaugane Campus bli et prosjekt på vent bak neste blåne.

Fantastisk beliggenheit men vanskeleg tomt

Christensen heldt fram med å trekkje fram høgskulen si fantastiske plassering med flott natur på alle kantar som også vil bli trekt inn i sentralbygget gjennom store vindauge, og sentralbygget vil bitte saman stadionbyggen som ligg oppe på Fosshaugane-platået og Fossbygget som ligg nede ved elva. Her er stor høgdeforskjell.

- De færreste av oss kan vel forestille seg hvordan Sentralbygget blir seende ut bare ved å være på denne bratte tomta. Ironisk nok, var det beliggenheten som skapte størst hodebry for oss når vi skulle planlegge det nye bygget. For tomta har egenskaper som Oddgeir Bruaset garantert villa ha omtalt som: "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".

Arkitektgruppen Lille Frøen vann denne utfordringa med sitt forslag "Missing Link".

Sjølve grunnsteinen er eit skrin som m.a.inneheld teikningane av bygget, myntsett og årets frimerke, dagens Aftenposten og Sogn Avis, og ein CD med høgskulen si eiga historie som kom ut hausten 2008 "Frå skuletun til Campus" skrive av dekan ved Avdeling for samfunnsfag Gunnar Yttri.

Til stor glede for statsråden

Heidi Grane Røys la i sin tale vekt på det unike samarbeidet som etter mange års innsats har gitt resultat. Tidlegare rektor Johs Thaule vart særskilt nemnt, men elles har ordføraren i Sogndal, fylkespolitikarane, stortingspolitikarane og Sogndal Fotball alle gjort sitt.

Rektor Åse Løkeland takka alle dei som hadde hatt evne til å tenkje visjonært og stort og hatt evne til å vere så realistisk at det kunne gjennomførast. Ho uttrykte stor glede over at høgskulen har komme så nær visjonen om eit eige hovudbygg for høgskulen, planlagt som høgskulebygg.

Lena Skjerdal og Kari Malmanger sto for det kunstnarlege innslaget med à capella song.

Inviterte gjester var invitert på lunsj etterpå

Tidlegare rektor Jan Olav Fretland leia bordseta, som utanom mat baud på kunstnarleg innslag ved duoen Billa and the Kid, der dekan ved Avdeling for samfunnsfag Gunnar Yttri utgjer halvdelen med vokal og gitar. Inge Ronny Kvåle akkompagnerte i tillegg på gitar då dei framførte "Fjedli mine" av Sigurd Kvåle.

Helsingstalane var mange

Leiar av høgskulestyret Jon Naustdalslid framheva at Fosshaugane Campusprosjektet var unikt ved at det aldri hadde nokre verkelege motstandarar. Det var eit prosjekt som veldig mange ulike aktørar ønskte å lukkast med.

Tidlegare rektor Johs. Thaule presenterte litt historikk om ideane bak fellesprosjektet Fosshaugane Campus og utfordra dagens leiarar til å utvikle innhaldet vidare. Her kan du lesa heile hans tale.

Elles var det helsingar frå fylkesordførar Nils R. Sandal, ordførar Jarle Aarvoll, rektor ved Sogndal vidaregåande skule Martha Sofie Vange, Yngve Hallén frå Sogndal Fotball, styreleiar Knut M Olsen frå Vestlandsforsking og leiar av studentparlamentet Gunnar Bondhus..

Alle var samde om at 3. september 2009 går over i historia som ein spesiell dag for Høgskulen i Sogn og Fjordane.


Sist endra: 04. september 2009 07:49:05