Alana Kirchhoff reiste langt for å studere Fjord Heritage ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Ho kjem frå the Sunshine Coast i Australia og vart overvelda av naturen og mottakinga ho fekk i Sogndal.
Alana landa på Gardermoen nyårsafta 2007 og nådde akkurat nattbussen til Sogndal. Det var eit sjokk å komme frå sommar i Austalia til kalde vinternatta i Noreg. Men ho visste kva ho hadde gitt seg ut på, og det gjekk ikkje lange tida før ho vart glad i vinteren og fascinert av det vakre landskapet ho kom til.
Alana kom til Sogndal for å studere naturforvaltning. Ho er i gang med å ta ein bachelorgrad innafor miljøspørsmål heime i Australia og fann at studiet Fjord Heritage ville passe perfekt inn i denne graden.
Alana fekk høyre om HSF på sitt eige universitet, University of the Sunshine Coast. På kontoret for internasjonale studium hadde dei informasjonsmateriell og kunne fortelje at det var fantastisk natur i Noreg. Sidan ho var glad i å reise og oppleve, vart ho heilt oppsett på å komme seg til Sogndal og HSF.
Det er naturen ho har studert, og det er naturen som har gjort stertast inntrykk medan ho har vore i Sogndal. Studiet Fjord Heritage utgjer 30 studiepoeng og inngår i HSF sitt bachelorstudium Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur.
Studiet handlar om korleis landskap har utvikla seg over tid som resultat av mennesket sine inngrep og vorte til det vi i dag kallar kulturlandskap. Dette interesserer Alana, og ho har opplevd det som spennande å sjå korleis ein kan pleie og ta vare på kulturlandskap slik at det vert ein ressurs for både landbruk og reiseliv. Ho tykkjer det er flott at ein del av undervisninga har vore turar ut i området for å sjå med eigne auge kva dei har lært om.
Alana gjorde akkurat slik alle studentar blir oppfordra til å gjere i dag, anten dei bur i Australia eller Noreg: reiste utanlands for å ta delar av studiet sitt. Ho har tatt ein del av bachelorgraden sin ved HSF og med det fått fag og undervisning som er annleis en kva ho kunne fått i Australia.
- Det er verdifullt å få andre perspektiv, meinte Alana. Det gir ny kunnskap og nye idear å ta med heim.
Når ho i tillegg var interessert i å reise og sjå og oppleve, så tykte ho at ho hadde fått mykje att for å ha teke eit slikt val.
- Det er ikkje så store skilnadene på å studere i Australia eller Sogndal. Bortsett frå studentmiljøet då. Så mange grupper og lag! Det er alltid noko å finne på i Sogndal. Dette gjorde sterkt inntrykk, forsto vi.
Sjølv tok ho seg helst berre ein tur ut når ho ville ha avkobling frå studia.
- Å finne seg ein stille plass ved fjorden og berre sitje og sjå på fjella. Det likar eg aller best, sa Alana.
Her kan du lesa om internasjonalisering ved Høgskulen i Sogn og Fjordane
Sist endra: 09. juli 2008 10:42:34