For første gong fann opningsarrangementet for studiestart i Sogndal stad i sentrum, i den nye Sentrumsparken. Det vart ein suksess på alle måtar.
Eit humørfylt studentband underheldt i halvtimen før den offisielle opninga. Den sto Lena Skjerdal (vokal) og Inge Ronny Kvåle (gitar) for. Dei framførte eit eige arrangement av ”Ver no velkomne med æra”.
Rektor Åse Løkeland ønskte dei nye studentane velkomne. Ho inviterte dei til å ta del i dei ulike studentaktivitetane. Det ville gje dei mange gode minne å tenkje tilbake på. Men ho utfordra dei også til å komme i gang med studia straks. Les rektor si helsing til studentane her.
Gründaren Halvor Gregussen var gjestetalar og heldt eit engasjert innlegg om kva Sogndal har å by på. Han var sjølv ”innflyttar” for to år sidan, og kunne framleis sjå bygda med innflyttarauge. Han la spesielt vekt på naturen og mulegheitene til å bruke fjorden eller fjella morgon eller kveld og likevel få god tid til å studere.
Studentsamfunnet ønskte dei nye studentane velkomen ved at leiar og nestleiar framførte ein fengjande song. Deretter presenterte både Lurkarlaget, Studentspretten og Studentparlamentet seg med snert og stil.
Sisof stilte med gratis fingermat og kaffi og 130 fadrar var på plass i fargekoda T-skjorter. Dette gjorde sitt til at det var enkelt for dei nye studentane å finne fram til si gruppe og vandre vidare til sine avdelingsvise opningsarrangement.
Det flotte sommarværet skapte sjølvsagt ei ekstra oppløfta stemning under arrangementet.
Sist endra: 16. august 2010 14:20:08