For tilsette Normal tekst  Større tekst  Størst tekst 
 

 

Eivind Aadland vinnar av posterutstillinga

Eivind Aadland fekk prisen for beste poster under Forskingsdagane 2011.
Eivind Aadland fekk prisen for beste poster under Forskingsdagane 2011.

Doktorgradsstipendiat Eivind Aadland, AHF, stakk av med prisen for beste poster under Forskingsdagane 2011.

Aadland får prisen saman med Lesley Robertson ved Hauglandssenteret, for posteren ” Severely obese men and women differ in their response to exercise”.

Juryen har følgjande grunngjeving:

Studien ser nærare på korleis fysisk aktivitet påverkar vektreduksjon hjå overvektige pasientar som deltek i livsstilsbehandling. Det er få studiar som har studert dette, og ingen som har undersøkt om det er skilnad mellom kjønna. Funna syner at det er skilnad på korleis fysisk aktivitet påverkar vektnedgangen til menn og kvinner. Fysisk aktivitet kan forklare opp i mot 50 % av nedgangen hjå menn, medan berre 1,5 % av nedgangen hjå kvinner. Dette er eit spesielt paradoks, sidan det er flest kvinner som deltek i slike livsstilsprogram.

Temaet er særs relevant og viktig. Funna er overraskande og tilfører ny kunnskap. Teksten er tydeleg med ein god illustrasjon. Bodskapen er godt formidla i ein innhaldsrik poster. Etter å ha lese overskrifta får ein lyst til å vite meir om kvifor det er slik.

Stor oppslutnad

To andre posterar fekk heiderleg omtale. Dette var

Arnold Goksøyr, Roy M. Nilsen, Frode Schanke Eikum og Mikael Heimann.
"Prevalence of postpartum depression in parents. An analysis of possible risk and protective factors. Preliminary results".

Eli Natvik.
"Life beyond batriatic surgery: men and women’s experience in the long-term".

Heile 18 posterar innanfor ei rekkje interessante emne har blitt vurdert for Posterprisen. Dei er laga med ulike formål, spesifikt for Forskingsdagane eller for nasjonale og internasjonale konferansar. Det er gledeleg at så mange er med og presenterer forskinga si, det er ein viktig måte å synleggjere både internt og eksternt kva ein held på med, og skapar auka forståing for den allmenne relevansen av forskinga.

I komiteen sat professor Maj-Britt Råholm, professor Magne Flaten og rådgjevar forskingsformidling Eva Marie Felde.


Sist endra: 02. oktober 2011 15:33:37